Debatt
Er Robek ein akseptabel pris for betre eldreomsorg?
Mange kommunar kjenner dilemmaet: Demografien krev store investeringar som høgst sannsynleg vil føre kommunen inn i Robek. Er det lov?
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Riksrevisjonen kritiserer kommunane for å ikkje planleggje godt nok for eldrebølgja. Osterøy kommune viser at problemet ikkje alltid er mangel på planar.
Vi har rekna på kor mange eldre vi vert, førebur skulenedleggingar og har gjennomført konkurranse om eit nytt helsebygg; Omsorg Pluss vil gje oss 67 fleire heildøgnsplassar, legesenter og ny base for heimetenestene. Prisen er 928 millionar.
Fangar økonomikontrollen opp kommunar som gjer for store investeringar før dei er komne under statleg kontroll?
Det skaper eit dilemma mange kommunar vil kjenne att: Demografien krev store investeringar, medan drifta alt er pressa. Investeringa vil høgst sannsynleg føre kommunen inn i Robek.
Spørsmålet er altså ikkje om Osterøy treng fleire omsorgsplassar. Det gjer vi.
Spørsmålet er om økonomikontrollen fangar opp kommunar som gjer for store investeringar før dei formelt er komne under statleg kontroll.
Osterøy kommune står i fare for å hamne på Robek også utan Omsorg Pluss. Lånegjelda er relativt låg, men disposisjonsfondet er tomt, kommunen går med årlege underskot og har eit akkumulert meirforbruk på 6,3 millionar kroner frå dei to siste åra.
Å investere i eit helsebygg til nesten ein milliard vil gjere det umogeleg å få skuta på rett kjøl. Sjølv etter tilskot og meirverdiavgiftskompensasjon står kommunen att med ei stor rekning. I økonomiplanperioden aukar bygget dei årlege finanskostnadane frå 10 millionar kroner i 2027 til 37 millionar kroner i 2030. Nedlegging av eit par grendeskular er ikkje nok til å dekke ein slik utgiftsvekst.
Alle i heradsstyret forstår at Omsorg Pluss-prosjektet vil gjere budsjettarbeidet svært krevjande. Skal det gjennomførast, må vi anten vedta budsjett med underskot eller budsjett som berre er i balanse på papiret.
Likevel er det lite som tyder på at fleirtalet vil røyste mot. Den politiske vurderinga ser ut til å vere at det er betre å hamne på Robek med Omsorg Pluss enn utan. Nullalternativet blir nemleg dyrare. Kommuneadministrasjonen har rekna ut at prosjektet vil lønne seg alt frå 2030.
Mindretalet, som eg høyrer til, vil starte med færre omsorgsplassar og ikkje byggje legesenter og ny base for heimetenestene. Eit slikt mindre og meir stegvis alternativ har administrasjonen likevel ikkje villa rekna på. Omsorg Pluss har dermed vorte eit val mellom alt og ingenting.
Økonomiregelverket i kommunelova vart stramma inn etter Terra-skandalen. Kommunane skal forvalte økonomien slik at den økonomiske handleevna vert ivareteken over tid, og dei skal ikkje ta vesentleg finansiell risiko.
Praksis frå statsforvaltarembeta tyder likevel på at krava først får reell betydning når kommunen formelt er kommen under økonomisk kontroll.
For Osterøy betyr det at vi kan få byggje dersom investeringsvedtaket og entreprisekontrakten kjem før ei eventuell Robek-registrering.
Resultatet kan bli at kommunen får eit nytt og tidsmessig omsorgsbygg, men utan ein truverdig plan for rekninga. Det verste med dette er ikkje Robek. Verst er det at innbyggjarane må bere kostnaden gjennom svakare tenester. Barnehage, skule og andre sektorar må førebu seg på drift på minimumsnivå i åra som kjem. Vedlikehaldsetterslepet på vegar og bygg vert òg liggande.
Det skal ikkje vere ei statleg oppgåve å stogge dårleg kommunepolitikk eller gripe inn mot alle prosjekt med høg økonomisk risiko. Det kommunale sjølvstyret står og skal stå sterkt. Skal vi ha fungerande lokaldemokrati, må den statlege kontrollen i hovudsak skje etter at økonomien er kommen i varig ubalanse.
Det kan likevel spørjast om sjølvstyret skal vere så sterkt at eit fleirtal medvite kan vedta investeringar som etter alle realistiske vurderingar vil føre kommunen inn i Robek.
For politiske mindretal — og for innbyggjarane som må bere konsekvensane — bør det ligge eit vern i at politiske val må halde seg innanfor grensene kommunelova set. Kor sterkt dette vernet er, kan ein lovlegkontroll av investeringsvedtaket kaste lys over.