Nyheter
Verdal vil kutte nær 50 årsverk
Rådmannen vil fjerne flest stillingar i pleie og omsorg.
På allmøte for dei tilsette i Verdal kommune tysdag ettermiddag la rådmann Rudolf Holmvik fram planar om å kutte 48 årsverk. 31 stillingar skal bort allereie i år, og nedbemanninga skal vere gjennomført i løpet av 2012, ifølgje orienteringa frå rådmannen.
Nokre av argumenta for å stramme inn no, er at kommunen skal ha nytta 25 millionar kroner for mykje i fjor, og at kommunen er på veg inn i Robek.
“Kommunen må kutte 30 stillinger umiddelbart”, heiter det i presentasjonen rådmannen synte fram i går.
I pleie og omsorg, som vil få dei største kutta, er årsaka til auka forbruk dei siste åra at kommunen har fått fleire ressurskrevande brukarar, fleire brukarstyrte personlege assistentar, og generelt fleire både unge og gamle brukarar.
13,8 årsverk skal vekk i pleie og omsorg i år, inkludert sosialtenesta og helse. Skule og oppvekst misser 8,4 årsverk, medan rådmann og fellestenester vert kutta med 8,8 årsverk.
Det vert ingen nye kontraktar til lærlingar, stillingar skal bli ståande ledige og kommunen skal nytte færre vikarar. I tillegg vert det vanskelegare å få bistand frå kommunen. “Trakta for bistand blir smalere”, heiter det i presentasjonen frå rådmannen.
Verdal er ein av kommunane i landet med lågast inntekt, når ein tek omsyn til kraftinntekter og kor tungdriven kommunen er. Såkalla korrigert inntekt er 92 prosent av snittet i Kommune-Norge.