Nyheter

Grå sølvhest i Gloppen

Fjordhesten vart godkjent som Gloppens motiv på kommunevåpenet 17. desember 1986.

Den grå sølvhesten på blå botn er teikna av Petter Eide. At det vart fjordhesten som vart motivet til Gloppen, kom ikkje som ei bombe, då fjordingen har lange tradisjonar i Nordfjord. Men eit motiv der hesten går i passgang skapte reaksjonar. Ein fjordhest går ikkje slik. Årsaka til at motivet likevel vart ein hest med feil gangart er at dei heraldiske reglane seier at dyr skal gå slik.

Fjordhesten er rekna for å være av dei eldste hesterasene i verda. Den kom austfrå til Noreg etter siste istid. At hesten var liten og nøysom, gjorde den spesielt eigna som arbeidshest i dei bratte liene på Vestlandet.

Skrevet av: Britt Glosvik

Powered by Labrador CMS