Nyheter
Sild både i medvind og motvind
I desse dagar har Flora feira 150-årsdag med pomp og prakt. Det var silda som la grunnlaget for skipinga av Florø by i 1860. Så at denne feite fisken er funnen verdig ein plass på kommunevåpenet, er inga bombe.
Tre skråstilte silder fekk kongeleg godkjenning då kommunen feira 100-årsdagen, men først nokre år seinare vart våpenet ein realitet. Det var Hallvard Trætteberg som teikna våpenet.
Men vegen fram til dei tre sildene var lang og kronglete. I 1935 vart det sett ned ein komité som skulle arbeide fram eit kommunevåpen, utan at det gav resultat. Saka vart reist på ny i 1941, utan at det skjedde noko då heller. Det var altså først rundt jubileumsåret 1960 at det vart fart på sakene og dei tre grå sildene på blå bakgrunn vart ein realitet.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har laga ei nettutstilling som viser ein del utkast til byvåpen for Florø, frå 1935 og fram til Trætteberg sitt endelege våpen. Felles for utkasta er kystmotiv, med fisk og fugl som bærande element. Men det var altså silda som gjekk av med sigeren.
Der himmel og hav møtast
«Der himmel og hav møtast» står det på nettsidene til kommunen, men når vi spør ordførar Bente Frøyen Steindal om ho hugsar slagordet for Flora, er det «Norges vestligaste og festligaste» ho først nemner, og er eigentlig mest interessert i å snakke om byens store jubileum.
– Florø er ein veldig patriotisk by der folk alltid stiller opp når ting skal feirast. I år er jo byen 150 år, så vi har ekstra grunn til å feire.
Då dronning Sonja i forrige veke var med og feira jubileet, stilte 900 skuleborn opp og song sangen «Florø by – stolt og kry», som er skreven av 11-åringen Balder Belsvik.
Og i heile år har folk kunne boltre seg i revyer, festivalar, musikk dans og spel, under leiing av kommunens kultursjef, som i år også kan titulere seg som «jubileumsgeneral».
Verdas lengste sildebord vert kvart år dekt i sentrum av byen. Silda, som altså er opphavet til byen, kunne i år mette 4.000 mennesker i regn og blåst frå alle kantar.
Altså der himmel og hav møtast