Kronikk

Eit stort fleirtal av fylkesmennene har ei rikspolitisk karriere å sjå tilbake på, som Lars Sponheim, som vart utnemnd i 2010. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix
Eit stort fleirtal av fylkesmennene har ei rikspolitisk karriere å sjå tilbake på, som Lars Sponheim, som vart utnemnd i 2010. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Velbrukt politikar til teneste

Når eks-politikarar så ofte vert føretrekte som fylkesmenn, er det fordi politikarvirket vert oppfatta som ein viktig ressurs i embetsgjerninga.

Publisert Sist oppdatert

Politikarar i statlege leiarstillingar er ein uting, synest mange meine.

Omgrepet etterbruk, som for alvor vart teke i bruk av rikspolitikarane i førekant av OL på Lillehammer, handlar stort sett om kva ein skal gjere med areal, bygningar og anlegg som ikkje lenger trengst til det opphavlege føremålet. Men kva er fornuftig etterbruk av rikspolitikarane sjølve?

Mange tidlegare statsrådar og parlamentarikarar kan enno ha mange yrkesaktive framfor seg når dei, av eigen fri vilje eller fordi dei ikkje har fått fornya tillit, trer ut av politikken. I den grad det finst ein offentleg debatt om kva denne gruppa av ressurspersonar kan brukast til, har den ofte eit negativt forteikn. Vi er opptekne av kva dei ikkje bør gjere. Vi mislikar framfor alt at dei gjev seg lobbyismen i vald, og gjer erverva kunnskap og nettverk til ein salsvare.

Paradoksalt nok synest motviljen også vere stor om dei tidlegare politikarane stiller seg til teneste for storsamfunnet. Politikarar i statlege leiarstillingar er nemleg òg ein uting, synest mange meine.

Dette synspunktet gjev seg sterkast til uttrykk i debatten kring fylkesmannsembetet. Om du slumpar til å sjå eit gruppebilete av landets 18 fylkesmenn og meiner å sjå fleire fjes du kjenner att frå Løvebakken eller Kongens bord, har du heilt rett. Politikarane er i overveldande fleirtal.

Frå nyttår 1976 fram til i dag, har så mange som 50 av totalt 57 fylkesmenn hatt ei rikspolitisk karriere å sjå tilbake på. Det motsvarar 88 prosent. Litt over halvparten av desse hadde vore statsrådar eller endåtil statsministrar, medan resten «berre» hadde vore parlamentarikarar.

Å døme etter synspunkt som ofte vert lufta i kommentarartiklar og avisinnlegg straks etter embetsutnemningar, er denne forma for etterbruk ikkje av det gode: Å vere fylkesmann er vorte eit politisk privilegium, heiter det gjerne. Det er eit retrettembete for avdanka politikarar, og ei løn for eit langt liv i politikkens teneste – og dermed djupast sett eit uttrykk for at kameraderiet har gode vilkår blant folkets representantar, får vi vite.

Det har då òg vore gjort fleire freistnader på å dempe politikarinnslaget i fylkesmannskorpset, og få ein meir «profesjonell» leiarskap. I fyrste halvdel av 1990-åra tenkte ein seg fylkesmannen som ein slags konserndirektør for den regionale staten, og ein tok på regjeringshald initiativ for å få fleire næringslivsfolk inn i embeta.

Det har òg vore artikulert ynske om å gje embetet tilbake ein funksjonen den til dels hadde for nokre tiår sidan, som toppstilling for folk i eit reint byråkratisk karriereløp. Når framstøyt for å fjerne det tilnærma politikarmonopolet ikkje har lukkast, kan det naturlegvis tenkjast at dei konspiratoriske teoriane har ei viss forklaringskraft: at politikarane vil sikre seg sjølv og sine.

Men dei viktigaste og tyngste forklaringane på at politikarane synest å ha forrang når nettopp desse embeta vert fordelte, ligg ein annan stad.

Ein hovudårsak er rett og slett at det er vanskeleg å endre etablert praksis – i dette tilfellet ein praksis med djupe røter. Sjølv om politikardominansen blant fylkesmennene er sterkare dei seinaste tiåra enn i tidlegare tider, har det vore eit sterkt innslag av politikarar i denne kategorien embetsmenn heilt sidan 1814.

Den store skilnaden mellom før og no, er at vi i dag har nokså klåre skilje mellom politisk virke og embetsgjerning: Fylkesmann er i hovudsak noko ein vert etter avslutta politisk virke. Men på 1800-talet var det slett ikkje uvanleg at amtmenn (som fylkesmennene heitte til 1919) stilte til val og sat på Stortinget parallelt med embetsgjerninga. Ja, mange stader følgde stortingsplassen nærast med på kjøpet for nye amtmenn, for kven kunne vel tale distriktets sak betre enn han? Skiljet mellom politikk og administrasjon var uklåre, og i visse tilfelle ikkje-eksisterande.

Når det gjaldt amtmannen, kunne ein seie at han faktisk hadde ei plikt til å opptre som ein politisk leiarfigur. Gjennom instruksen var han pålagt å ta initiativ og å verke til gagn og beste for distriktet. Også i det lokalpolitiske livet vart han oppfatta som ein leiarfigur og ein talsmann overfor sentrale styresmakter. Grensene mellom fylkesmannsvirket og aktiv politikk var høgst flytande til langt inn i etterkrigstida.

I 2014 er det ikkje lenger eit ideal at fylkesmannen skal fungere politisk i embetsgjerninga si, eller for å vere presis: Vi legg til grunn at fylkesmennene skal vere ein reiskap for politisk leiarskap, men ikkje ei politisk kraft i seg sjølv – dei skal halde politikken (og særleg partipolitikken) på armlengds avstand.

Når eks-politikarar likevel ofte vert føretrekte i våre dagar, er det ut frå ein annan logikk enn tidlegare. Sjølve erfaringa frå politikarvirket vert oppfatta som ein viktig ressurs i embetsgjerninga, og utgjer dermed ein stor konkurransefordel i kampen om embete. Dette er då òg den viktigaste forklaringa på at eks-politikarane står så sterkt i fylkesmannskollegiet i dag.

I praksis er striden kring dagens utnemningspraksis ein strid om kva type kompetanse som trengst. Motstandarane av politikarutnemningar legg som regel til grunn at kompetanse er identisk med formell utdanning og leiarskapserfaring frå privat eller offentleg sektor. Spissformulert; politikarane er inkompetente, med mindre dei har noko anna å skilte med i tillegg til politikarvirket.

Slik resonnerer ein ikkje i embetsverket som handterer søknadene om ledige embete, og heller ikkje i den politiske leiarskapen som tek dei endelege avgjerdene. Her legg ein til grunn at den politiske erfaringa, og framfor alt erfaringa frå ein statsrådspost, i seg sjølv gjev ein tung realkompetanse.

Dette har fyrst og fremst med eigenarten til fylkesmannsembetet å gjere: Det har ei rekkje ålmenne funksjonar på vegner av staten, det er sektor- og nivåovergripande, og det har ikkje minst svært mange kommuneretta oppgåver. Embetsvirket stiller store krav til ålmenn systemkunnskap. Ein må ha ei sterkt utvikla evne til å kommunisere, til å utøve leiarskap i eit krysspress mellom motstridande interesser, og til å utarbeide kompromiss som er til å leve med.

Er dette ei feilslutning? Bør ein dempe politikarinnslaget i fylkesmannsembetet, og opne for leiarar med andre typar erfaringar?

Spørsmålet er høgst relevant, men fortener å drøftast også med motsett forteikn: Er offentleg sektor ålment flink nok til å nyttiggjere seg etterbruksverdien av menneske med erfaring frå politikken?

Powered by Labrador CMS