Kronikk

Strek på eit kart
Kommunereforma kan føre til fråflytting og sentralisering. Dersom det er slik vi vil ha det, må det seiast høgt, ikkje tåkeleggjast.
Den relativt småmaska kommunestrukturen vi har, er med og held oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet
Når dette innlegget står på trykk i Kommunal Rapport, er eg i Tanzania. Nærare bestemt i Bunda ved Victoriasjøen, ein kommune som vart vennskapskommune med Tingvoll kommune i Norge alt i 1990.
Sist vi besøkte Bunda var i 2008. Da var det ei kommunereform på gang – Bunda Township (bykjernen) skulle slå seg saman med omlandet (Bunda District) til ei meir slagkraftig eining. For å få nytt sjukehus, for å få meir pengar frå staten til ny skule og betre utdanning. For å få meir pengar til vegar, elektrisitet osv. Statens forlenga arm («fylkesmannen») og kommunen sin administrasjon skulle få meir samanfallande grenser og styrke sin posisjon ovanfor staten.
Kampen om dei lokale posisjonane var i full gang. Større einingar gir større makt og nører under personlege ambisjonar. Valkampen var i full gang, stemmer vart kjøpt på ulike måtar.
Og vanlege folk – kva meinte dei om dette? Dei fleste var redde for at dei skulane som dei allereie hadde, ville bli meir sveltefôra og ikkje så attraktive for dei beste lærarane. At det sjukehuset dei hadde frå før, ville miste pengar og folk. At dette var dei privilegerte si reform, som mest av alt handla om kven som skulle ha makt og posisjon.
Når eg kjem heim att, er debatten om kommunestrukturen i Norge komen enda eit hakk vidare. Regjeringa har lova at det skal komme endringar. Større kommunar skal gi høgare kompetanse i fagmiljøa, og det skal igjen føre til at staten kan overføre fleire oppgåver til kommunane. Dette er desentralisering av makt og mynde og blir framstilt som utvida lokaldemokrati.
Større kommunar skal også føre til meir effektiv administrasjon, sparte kostnader til lokalpolitikarar og ei meir effektiv utnytting av samfunnet sine ressursar og skattebetalarane sine pengar. Kanskje kan ein spare eit heilt forvaltningsnivå – fylkeskommunen. Og slik kan ein fjerne mange strek på kartet, såkalla skrankar for effektivitet og kvalitet.
Samtidig fjernar ein truleg det mest effektive distriktspolitiske verkemiddelet i den nasjonale verktøykassen. Eg seier ikkje at kommunestrukturen skal vere som i dag, det er mange stader justering av grenser kan vere nødvendig. Men den relativt småmaska kommunestrukturen vi har, er med og held oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet. Og folket er ganske nøgd med tenestene dei får. Mange små kommunar er også godt og effektivt drivne, og er nytenkjande og innovative på mange område.
Dersom det er eit mål med busetjing i heile landet, er det viktig at kommunal tenesteyting og kommunalt utviklingsarbeid ikkje berre vert samla i store sentra, men fordelt ut der folk bur. Kommunereforma kan føre til fråflytting, til at mange lokalsamfunn mister viktige kommunale kompetansearbeidsplassar. Dersom det er slik vi vil ha det, må det seiast høgt, ikkje tåkeleggjast.
Store kommunar skal få store oppgåver – frå staten og eventuelt frå fylket. Viss desse oppgåvene ikkje vert fordelt vidare til eitt eller anna nivå under denne storkommunen, blir sentraliseringa uhyre sterk. Den økonomiske gevinsten er heller ikkje opplagt. Det er store kostnader knytt til fråflytting og infrastruktur som blir liggande ubrukt. Det er store direkte og indirekte kostnader knytt til ei sterk sentralisering.
Senterpartiet har vore den fremste forkjemparen for småkommunane, og blir gjerne latterleggjort for det. Men nettopp Senterpartiet kan spele ei viktig rolle i kommunestrukturdebatten framover, om partiet snur seg fort rundt og løftar fram verdidebatten og ser på kva som er viktigast i vår tid: Korleis skal ein sikre eit reelt og levande lokaldemokrati i større kommunar? Kva saker kan ein overlate til eit bydelsutval eller lokalsamfunnsutval å avgjere, og kva saker må kommunestyret ta stilling til? Korleis kan ein byggje sterke og komplementære kompetansemiljø i ein ny storkommune, på ein slik måte at ein styrkar lokalsamfunna? Korleis sikre at distrikta (og bydelane i ein storbykommune) får nok talsfolk?
Kommunestrukturdebatten minner om omorganiseringsprosessar som går føre seg i alle typar institusjonar, marknadsført som at dei skal løfte fram faget, effektivisere organisasjonen, skape nye synergiar. Avdelingar og geografisk tilknyting er visst til hinder for samarbeid og effektivitet.
Eg trur dette er feil. Folk som høyrer til ein stad, som har oversikt og kjennskap, som føler dei har noko dei skal ha sagt, bryr seg som oftast mest og yter ein ekstra innsats for sitt lokalsamfunn, for sin kommune. I Bunda og i Tingvoll, i Norge og i Tanzania.