Kronikk

Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit

Kulturreise i nord

Det er imponerande å sjå den satsinga kommunar, fylkeskommunar, privatpersonar og eldsjeler har gjort for kulturnæringa. Men fråflyttinga og forfallet legg ein også merke til.

Publisert Sist oppdatert

Det er kanskje ikkje noko satsing som gir så god avkastning som investering i kultur.

Denne gongen hadde eg planlagt å skrive om kor viktig det er for eit samfunn å ha ein kulturpolitikk som både løftar fram kunsten og kunstnarane når det trengst, som tek vare på kulturminna, som stimulerer kulturnæringane, som byggjer kulturinstitusjonar, og som også støttar den store frivillige innsatsen som blir lagt ned i heile landet på kulturfronten.

Men så er eg akkurat komen heim frå ein liten ferietur i Lofoten, på Andøya og langs E6 sørover igjen, gjennom byar og tettstader, gjennom små bygdesamfunn og skogar og fjell der berre elgen kryssar vegen. Det er ein fantastisk landsdel, med store naturressursar på land og til havs, og med ein natur som tek pusten frå deg.

Det er naturlegvis stor aktivitet og mykje som skjer på mange frontar, men ein får også eit inntrykk av fråflytting og  forfall. Særleg gjeld dette for landbruket. Hundre- og tusenvis av dekar med god dyrkajord vert ikkje drive og gror att. Store areal som kunne vore nytta til matproduksjon ligg brakk. Hus og fjøs er fråflytta. Stadig større del av markene blir ikkje slått på grunn av dårleg drenert jord, for tunge og store maskinar og for dårleg tid! Så finst det enno – heldigvis – mange godt drivne gardsbruk og aktive og dyktige bønder.

Dei blir stadig færre fordi landbrukspolitikken over fleire år har stramma effektivitetsskruen for hardt, fordi politikken ikkje er tilpassa naturgrunnlaget, og fordi oljeøkonomien pressar alle andre næringar. Og Nord-Noreg er ikkje i særstilling. Vi vil heller kjøpe billeg mat produsert på importert protein frå Sør-Amerika enn å nytte ressursgrunnlaget i Noreg.

Mangesysleriet har vore fundamentet for landbruket i Noreg; storgardane har vore unntaket. Fiskarbonden, lærarbonden, turismebonden og kulturbonden har sørgde for at jorda vart driven, mat produsert, busetjing halde oppe og kompetanse tilført og halde oppe i bygdene. Eg trur det har vore smart og rimeleg for samfunnet – totalt sett.

No skyt sentraliseringa fart, litt av seg sjølv, eller som følgje av den teknologiske og økonomiske utviklinga og «marknadskreftene», men også sterkt støtta av politiske vedtak på alle nivå. Sentraliseringa av landbruksproduksjon er ein ting. Kommunesamanslåinga som kjem, vil sentralisere makt og kompetansearbeidsplassar og tenestetilbod. Mangesysleriet som har halde oppe busetjing i heile landet, og forvaltning og deling av ressursane, blir ikkje nokon overlevingsstrategi for folk.

For å vende tilbake til kulturen: Det er imponerande å sjå den satsinga kommunar, fylkeskommunar, privatpersonar og eldsjeler har gjort for å byggje opp formidlingssentra og kulturinstitusjonar som inspirerer folk, trekkjer turistar, byggjer identitet og skaper aktivitet: Kulturnæring. Fleire av desse er satsingar utanom byane og tettstadene, og mange vil sikkert seie det er bortkasta pengar. Det blir argumentert for at byar må byggjast opp som motorar for regionane, for å konkurrere om arbeidskraft med dei største byane i landet.

I Møre og Romsdal fylkeskommune blir det oppretta eit byutviklingsfond for å satse ekstra på å gjere byane attraktive. I tillegg til dette fondet er det naturlegvis i byane dei største satsingane på skule og utdanning, kulturinstitusjonar og andre offentlege arbeidsplassar kjem.

Men det må vere ein balanse mellom satsing på byane og distrikta, og særleg i denne sentraliseringstida. Ta Nordland nasjonalparksenter og Adde-Zetterquist kunstgalleri, bygd i lag med ein flott serveringsstad og campingplass, med naturklatrejungel, natursti, Skogvoktergården og Storjord Arboret like ved. Til saman ei utruleg kultursatsing på ein liten stad, og med ei mengd positive ringverknader for alle.

Sjå til Hamsunsenteret i same slengen. Og den blå byen Sortland. Å farge ein by blå, er også ei kultursatsing!

Enger-utvalet anbefalte å styrke kulturinstitusjonane i lokalsamfunna framfor å bruke så mykje på store bygg. Den kulturelle grunnmuren treng påfyll og påbygg. Slik som alle dei lokale kulturskulane, som gjer det mogleg for ungar å delta i skapande aktivitet. Biblioteka, møteplassar for samfunnsdebatt og litterære opplevingar, er viktige institusjonar også utanfor byane.

Stortinget, kulturministeren og lokalpolitikarane må følgje opp Enger-utvalet på dette punktet, så kulturlivet ikkje blir brakklagt på same måte som dyrkajorda. Vi kjem ikkje utanom kulturbygga. Norge har absolutt ikkje for mange kulturbygg, og vi har altfor dårlege økonomiske ordningar for å ta vare på kulturminne, både  offentlege og private. Særleg gjeld dette verna bygg i privat eige. Det kan Stortinget gjere noko med. Det er kanskje ikkje noko satsing som gir så god avkastning som investering i kultur.

Powered by Labrador CMS