Kronikk

Kommunen er med på å definere kven vi er og kven vi høyrer saman med. Men lokale identitetar er i endring, og dei kan også påverkast. Dei nye kommunane må derfor jobbe aktivt for å utvikle ein felles identitet – drive «nasjonsbygging», skriv forskar Yngve Flo. Illustrasjonsfoto frå Drammen: Joakim S. Enger
Kommunen er med på å definere kven vi er og kven vi høyrer saman med. Men lokale identitetar er i endring, og dei kan også påverkast. Dei nye kommunane må derfor jobbe aktivt for å utvikle ein felles identitet – drive «nasjonsbygging», skriv forskar Yngve Flo. Illustrasjonsfoto frå Drammen: Joakim S. Enger

Kommunar på jakt etter fellesskap

Om vi verkeleg får ein straum av samanslåingsvedtak, blir det viktig for norske lokalpolitikarar å integrere, å skape forståing – ja, aller helst lokal entusiasme for dei nye kommunane.

Publisert Sist oppdatert

Dei nye kommunane må drive aktiv «nasjonsbygging» – i lokal målestokk.

Samanslåing eller ikkje? Same kva som vert utfallet, vil det vere historisk sus over dei vedtaka tusentals ferske lokalpolitikarar landet over skal vere med på å fatte i løpet av dei neste månadene.

Om kommunalministeren får det slik han vil, kjem det ein straum av lokale samanslåingsvedtak innan fristen den 1. juli neste år. Men mange vil kjempe ihuga mot at dette skjer.

Kommunereforma synest utfordre sjølve kjenslelivet til innbyggjarane, noko som ikkje er til å undre seg over. Kommunegrensene representerer mange stader eit viktig skilje mellom «oss» og «dei andre».

Kommunen er både som politisk arena og tenesteleverandør med på å definere kven vi er og kven vi høyrer saman med, og representerer i så måte ein kontinuitet minst to generasjonar tilbake i tid dei fleste stader i landet.

Som geografisk område verkar kommunen strukturerande også for organisasjonssamfunnet, for ikkje å snakke om lokalpressa. Når kommunegrenser vert endra, vert innbyggjarane derfor stilt overfor krav om å ta farvel med det gamle, og om å definere seg i eit nytt lokalt «vi». Dette vekker mange stader ulyst, og argument knytt til identitet og etablerte fellesskap har stått sentralt i den folkelege motstanden mot kommunale strukturreformer opp gjennom historia.

Men også krefter som har ivra for slike reformer har vore opptekne av å spele på lag med kjenslelivet. Studerer vi dei prinsipielle utleggingane til Scheikomiteen i 1950-åra og Christiansenutvalet i 1990-åra, ser vi at dei begge såg samkjensle og felles identitet som føresetnader for legitimitet til kommunen og lokaldemokratiet blant innbyggjarane.

Men i motsetnad til reformmotstandarane, aksepterte ikkje desse komiteane at lokale identitetar var hogde i stein. Kommunikasjonsmønster var endra, folk var meir mobile, og eksisterande kommunegrenser var følgjeleg blitt for snevre. Ei ny kommuneinndeling basert på færre og større einingar var ikkje eit trugsmål mot lokal identitet, men ville tvert imot gi større samsvar mellom kommunen og dei reelle lokale interessene og identitetane, resonnerte komiteane.

Denne tenkinga er tydeleg til stades også i den dagsaktuelle kommunalreforma. Vabo-utvalet trekker også fram lokal identitet som ein føresetnad for kommunal funksjonsdugleik.

Og som forgjengarane nektar utvalet å sjå identitetar som noko statisk, knytt til det eksisterande. Interkommunale identitetar kan mange stader gi gode føresetnader for samanslåingar til nye og større kommuneeiningar, heiter det.

I den grad lokale identitetar fell saman med etablerte kommunale fellesskap, kan desse vidareførast i større kommunale einingar gjennom politiske og administrative organisasjonsmodellar baserte på geografi.

På eitt viktig punkt skil ekspertutvalets tenking seg ut frå forgjengarane: Det legg ikkje berre til grunn at lokale identitetar sakleg sett er endra eller i ending, noko som gir legitimitet til strukturelle endringar – men også at det er mogleg å gå inn, påverke og aktivt styrke og endre identitetar, og dermed gi auka legitimitet til ei endring som allereie er gjort. Dei nye kommunane må arbeide «aktivt for å utvikle en felles identitet, blant annet gjennom å identifisere felles utfordringer, visjoner og mål for framtidig utvikling», formanar komiteen.

Kort sagt: Dei nye kommunane må drive aktiv «nasjonsbygging», sjølvsagt då i lokal målestokk.

Om det no er slik at vi verkeleg får ein straum av samanslåingsvedtak, kan denne formuleringa vere eit førevarsel om kva som vil ligge norske lokalpolitikarar på hjartet i åra som kjem: Å integrere, å skape forståing – ja, aller helst lokal entusiasme for dei nye kommunane.

Den samkjensla som kommunen treng, kjem ikkje nødvendigvis av seg sjølv. Dei nye kommunane vil ha eit prekært behov for å finne ut av kva slags fellesskap dei er, eller iallfall tek sikte på å bli, og å få dette effektivt formidla, både innetter og utetter.

Korleis vil lokalpolitikarane gripe denne utfordringa? Norske kommunar har allereie i eit par tiår – som del av det ein gjerne omtalar som kommunal merkevarebygging eller omdømmepolitikk – vore opptekne av å selje inn kor fortreffelege dei er, både som organisasjonar og som heimstader. Målgruppa er både eigne innbyggjarar og potensielle tilflyttarar og nyetablerarar. Det er truleg at dette arbeidet vert dobbelt viktig i nye kommunar.

Lat oss då krysse fingrar for at lokalpolitikarane ikkje overlèt heile jobben til ekspertar på branding, for kva seier omdømmeforskarane? Jau, å endre omdømmet er nyttelaust, om du ikkje samtidig syt føre at omdømet samsvarar med substans og realitetar.

Powered by Labrador CMS