Kronikk

Eitt synest sikkert: Behovet for klimatilpassing blir ikkje mindre, skriv Oddvar Flæte. Bildet er frå Årdal etter stormen Dagmar i 2011. Foto: Frank O. Smedegaard, NTB scanpix
Eitt synest sikkert: Behovet for klimatilpassing blir ikkje mindre, skriv Oddvar Flæte. Bildet er frå Årdal etter stormen Dagmar i 2011. Foto: Frank O. Smedegaard, NTB scanpix

Klimarapport rett i arkivet

Fire år etter utgreiinga om klimatilpassing, har lite skjedd. Det er underleg, leitt og alvorleg, sidan vi nå står midt i eit vegskilje.

Publisert Sist oppdatert

Staten peikar på det kommunale ansvaret, men midlane manglar.

I november 2010 la eg som utvalsleiar fram ein NOU for Miljøverndepartementet med tittelen «Tilpassing til eit klima i endring». Vi var 17 personar i utvalet, eit sekretariat på fire personar og hadde brukt to år. Temaet var og er aktuelt: Samfunnet si sårbarheit og behovet for tilpassing til klimaendringar. Fire år seinare har lite skjedd.

I etterkant av klimamøtet i Lima no før jul synest eitt sikkert: Behovet for klimatilpassing blir ikkje mindre. Som leiar av klimatilpassingsutvalet forstår eg stadig betre at forskarar nå tek til orde for at det ikkje vil vere nok å tilpasse samfunnet. Di lengre det går før vi får kontroll på dei globale utsleppa, desto større vil behovet bli for å omstille samfunnet til eit klima som blir veldig annleis enn det vi har i dag.

Overrasking kvar gong

Kvar gong det er ei større klimarelatert krise her i landet, verkar det som ei overrasking. Det bør det ikkje vere. Hovudkonklusjonen frå vårt arbeid var at god tilpassing i dag er ein føresetnad for eit mindre sårbart Norge i morgon. Vi slo fast at det ikkje lenger er tvil om at klimaet er i endring.

Vi peika på behovet for nye verktøy, metodar og kompetanse. Vi gjorde framlegg om at klimatilpassing måtte integrerast i den ordinære samfunnsplanlegginga. Og vi prøvde å gjere ansvarsforholdet enkelt ved at ansvaret for klimatilpassing på eit gitt område burde ligge hos den aktuelle sektorstyresmakta.

Det viktigaste grepet samfunnet kunne gjere for å tilpasse seg eit klima i endring, var etter vår meining eit styrka plansystem som tok høgd for klimaendingar, og som sikta seg inn på å ta att etterslepet i vedlikehaldet. Vi tilrådde derfor at omsynet til klimatilpassing måtte innarbeidast i ei ny forskrift i plan- og bygningslova. Vi meinte at kommunane måtte styrke kapasitet og kompetanse innan planlegging, slik at klimatilpassing kunne integrerast i arealplanlegginga.

Få spor frå innspela

Eitt år etter avleveringa kom Dagmar, og vi har i tida etter hatt skred og flaumar både i Odda, Voss, Flåm og Lærdal. Hendingane syner kor alvorlege konsekvensar intense vêrforhold kan få, og at utvalet sine forslag fortener å bli tatt alvorleg. Ei tunn stortingsmelding våren 2013 gav få svar. Det var vanskeleg å lese ein politikk ut frå den. Og det var få spor att frå dei innspela som vart lagt fram i NOU-en.

Eg synest det er alvorleg at det ikkje er teke tak i utfordringane knytt til svak kapasitet og kompetanse i samfunnsplanlegginga. Det er vanskeleg å sjå ei satsing på kompetanseoppbygging eller andre verkemiddel frå nasjonale styresmakter.

Utvalet peikte også på det store vedlikehaldsetterslepet innan infrastruktur og bygg, som mellom anna fører til råteproblem og anna forfall i offentleg bygningsmasse og kulturbygg som til dømes kyrkjer. Etterslepet gjer også at store delar av vatn- og avløpsnettet er forelda. Smålåtne løyvingar til sikringstiltak mot skred og flaum gjer bustadfelt og vegar utrygge. Men samferdselssektoren har følgt opp på bane og hovudvegar.

Vi hadde ei omfattande drøfting av ansvarsdelinga i samfunnet. Mykje av ansvaret for å tilpasse samfunnet fell på kommunane, men då er det nødvendig at staten stiller opp med midlar. I stortingsmeldinga frå mai 2013 følgde regjeringa opp med desse orda: «Klimaendringenes lokale karakter plasserer kommunene i en førstelinje i møte med klimaendringene.»

Staten peikar på det kommunale ansvaret, men midlane manglar.

Uklare ansvarsforhold

Klima- og miljøverndepartementet har fått eit koordinerande ansvar for klimatilpassinga. Det er likevel langt frå beinkløyvd kva det betyr i praksis. Det er blitt eit eige miljødirektorat som skal vere faginstans, mens Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner at klimarelatert risiko for liv og helse, kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar er ein del av deira portefølje. Uklare ansvarsforhold er ein hemsko i alt arbeid.

I 2014 utarbeidde Norges geologiske undersøking (NGU) eit landsdekkande kart for jord- og flaumskred. Hovudbildet synte at risikoen vil auke i dei områda som er flaum- og skredutsette. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) manglar midlar og er på etterskot med å førebyggje, mot både dagens og framtidas risiko.

Forsking syner ei endring i årstidene, at det blir meir ekstremnedbør, skred og flaum. Men svara kan ikkje vere dårleg planlegging, dårleg vedlikehald av infrastruktur, meir marknad og mindre styring. Ein NOU skal vere ein kunnskapsbase og eit verktøy for å utvikle ein ny politikk. Det er ein lang prosess frå eit utval vert sett ned til det har levert sin rapport, og som etter høyringar endar opp som stortingsmelding og eventuelt lov- og budsjettframlegg.

Tilrådingane burde ha ført til ei politisk prioritering av det å førebygge naturskadehendingar. Det burde ha gitt ein aksept for at klimaendringar finst og må handterast – ei handtering som handlar både om systematiske målingar, kartlegging, overvaking, førebygging og forsking.

Det er nødvendig at det finst politisk vilje til å integrere omsynet til klimaendringar i plansystemet, og å syte for at det er tilstrekkeleg administrativ planleggingskapasitet til å få det til i praksis. Det handlar om at staten må stille til rådvelde nødvendige økonomiske midlar – jamvel øyremerkte – til kommunal planleggingskapasitet. Og så må staten tore å bruke motsegn dersom kommunen i si planlegging ikkje tek nødvendige omsyn til klimaendringane.

Det er fortvilande å bruke så mykje tid og såpass store ressursar på ein NOU når innhaldet i så liten grad vert diskutert og knapt nok implementert.

Handling – ikkje arkivering

Ein av medlemmene i utvalet sa nyleg til meg: – Det er fortvilande å bruke så mykje tid og såpass store ressursar på ein NOU når innhaldet i så liten grad vert diskutert og knapt nok implementert. Tidvis kan det synast som om ein NOU er eit verktøy for å halde politisk debatt nede.

Eit ekspertutval skal gi grunnlag for handling – ikkje arkivering. Det er viktig at styresmaktene tek inn over seg framlegg sjølv om dei kostar noko. Innan klimatilpassing kan det tidvis vere vanskeleg å sjå og kunne seie at vårt politiske system er framsynt. Underleg, leitt og alvorleg, sidan vi nå står midt i eit vegskilje. I denne samanhengen knytt til klima.

Denne kronikken ble publisert i Bergens Tidende 7. januar.

Powered by Labrador CMS