Kronikk

Høgare aldersgrense – eit spel for galleriet?
Dersom me skal gjera noko vesentleg for å heve gjennomsnittleg pensjonsalder, må me sjå på heilt andre forhold enn å heve aldersgrensa i arbeidsmiljølova.
I dag er det få som jobbar fram til dei er 70 år, og at desse få skal få jobbe litt lenger, betyr lite i den store samanheng.
Arbeidsministeren ønsker at folk skal stå lenger i jobb som eit verkemiddel for å møta den kommande eldrebølgja. Eit tiltak i denne samanheng er å heve aldersgrensa i arbeidsmiljølova frå 70 til 72 og seinare 75 år.
I dag er det få som jobbar fram til dei er 70 år, og at desse få skal få jobbe litt lenger, betyr lite i den store samanheng. I dag går dei fleste av med pensjon før fylte 67 år.
Om vi ser bort frå folk som er sjuke og blir uføretrygda, kvifor sluttar friske eldre å jobb så tidleg? Det er etter mi meining ønske om meir fritid og fleire gunstige pensjonsordningar som gjer det store utslaget.
Om lag 30 prosent av arbeidstakarane i offentleg sektor har særaldersgrenser på 60, 62 eller 65 år. I tillegg har vi 85-årsregelen som inneber at arbeidstakarane kan gå av med pensjon tre år tidlegare enn aldersgrensa. Denne regelen gjeld berre for dei med særaldersgrense. Andre tilsette i offentleg sektor har 70 år som aldersgrense og tre år før dei blir 67, og då har jo alle rett til å gå av.
I statleg sektor gjeld dette store arbeidstakargrupper som politi og yrkesmilitære, som kan slutte med full pensjon når dei er 57 år. Ekstrakostnaden blir ikkje belasta Politiet eller Forsvaret, men belasta statskassa direkte. Arbeidsgivarane har ingen insentiv til å prøve å endre desse gode pensjonsvilkåra.
I kommunal sektor gjeld 60-årsgrensa for brannmenn og 65-årsgrensa for store grupper i helse- og reinhaldssektoren. Ein brannmann med full opptening kan få full pensjon frå fylte 57 år og ein sjukepleiarar frå 62 år. Kostnaden med desse eksklusive ordningane blir dekka over kommunebudsjettet og er medverkande årsak til høge pensjonskostnadene i kommunane.
I tillegg har me i offentleg sektor ein AFP-ordning frå 62–67 år som er svært gunstig. Om tilsette tar ut AFP frå 62 år, får det ingen konsekvens for alderspensjonen som blir utbetalt frå 67 år.
Når me ser på privat sektor, så har om lag 15 prosent av arbeidstakarane særaldersgrenser. I privat sektor har mange bedrifter reglar for pensjonsalder både på 67 år og lågare. Arbeidstakarane har dermed ikkje, som i offentleg sektor, rett til å stå til 70 år. Om aldersgrensa i arbeidsmiljølova blir heva, så betyr det ingenting for desse så lenge bedriftene kan avtale seg bort frå reglane i lova.
Vi er nå inne i ein periode der oljeretta verksemd nedbemannar. Mange tilsette blir tilbode sluttpakkar. Statoil-tilsette får dei beste vilkåra, så eg bruker dei som eksempel. Dei får nå tilbod om førtidspensjonering frå fylte 58 år. Dei får full pensjon fram til fylte 67 år uavhengig av om dei får ny jobb eller ikkje.
Statoil skal spare pengar og må redusera bemanninga. Det kan ikkje vera mykje dei sparer når det skal utbetalast pensjon på 2/3 av lønna, men kanskje blir desse kostnadene ført ein annan stad, slik at det ser ut som dei blir meir lønnsame?
Ein Statoil-pensjonist som framleis ønsker å bruke si arbeidskraft, kan t.d. ta ein undervisingsjobb i det offentlege. Etter tre år i ny jobb og minst 62 år gammal, kan han ta full AFP-pensjon frå det offentlege. Denne får han på toppen av Statoil-pensjonen. I tillegg skal offentlege AFP-pensjonar som hovudregel utreknast etter kva ein ville fått i folketrygda om ein stod i jobb fram til 67 år.
Ein Statoil-pensjonist vil då få den offentlege AFP-pensjonen utrekna etter Statoil-lønna, og det offentlege må betala ein pensjon som kan ligge godt over lønna vedkommande hadde i den offentlege stillinga. For å få denne gunstige AFP-pensjonen, må vedkommande berre ha hatt minst 20 prosent stilling i det offentlege.
Eg har ovanfor vist til mange gode pensjonstilbod som arbeidstakarar får heilt ned i 57 års alder. Det finst også andre gode pensjonstilbod som ikkje er omtala her. Dersom me skal gjera noko vesentleg for å heve gjennomsnittleg pensjonsalder, krevst det politisk mot til å sjå på heilt andre forhold enn å heve aldersgrensa i arbeidsmiljølova.
Vi lever lenger, og helsa er betre. Reglane om særaldersgrenser er modne for ending. Private bedrifter bør ikkje utan sakleg grunn kunne avtale seg bort frå aldersgrensene i arbeidsmiljølova. Næringslivet bør ikkje kunne gi så gode førtidspensjonseringsavtalar. Dagens AFP-ordning i offentleg sektor bør endrast slik at det lønner seg å jobbe, og slik at AFP-pensjonen frå det offentlege står i forhold til oppteninga i offentleg sektor.