Kronikk

Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit

Ekspertvern best for miljøet?

Det er ikkje lett å få ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av naturen med dagens fragmenterte fordeling av mål, ansvar og verkemiddel.

Publisert Sist oppdatert

Kommunane slit med ønske om vekst, og vil lett bli freista av utbyggingsinteresser som kjem med pengar og arbeidsplassar.

Heile livsgrunnlaget vårt kviler på at naturen sine små og store økosystem held oppe ein balanse, slik at dei kan halde fram å levere livsviktige tenester. Produksjon av mat, medisinar og materialar av ulike slag er konkrete økosystemtenester vi nyt godt av kvar dag. Det same er meir støttande tenester som vern mot flaum og ras og reinsing av luft, binding av CO2 og grunnleggjande tenester som å sikre det biologiske mangfaldet.

Opplevingar i landskapet og den betydninga friluftsliv og grøne lunger i byane har for folkehelsa, må også nemnast.

Korleis skal vi sikre oss at økosystema kan halde fram og levere desse livsviktige tenestene?

Befolkninga treng meir kunnskap om kva naturen betyr for vår velferd og økonomi og overleving på lang sikt. Naturlovene let seg ikkje overstyre verken av ekspertar eller politikarar. Derfor treng vi meir kunnskap om biologi og økologi, både i grunnskulen og i høgare utdanning.

Det trengst meir forsking, og det trengst skolering av avgjerdstakarar. Lokale møte med diskusjonar, vurderingar og avvegingar mellom ulik bruk, er ein god måte å byggje kunnskap og legge til rette for kloke avgjerder på.

Lokalpolitisk beslutning eller ekspertvern?

Det vil alltid vere ein debatt om ein tek vare på miljøvernet best gjennom ekspertar og statleg styring, eller om avgjerdene kan takast lokalt. Arealendringar og arealbruksendringar er dei viktigaste kjeldene til negativ påverknad av norske økosystem. Regelverket er omfattande og blir i stor grad forvalta av kommunane.

Dersom ein skal ha eit økosystemperspektiv på arealplanlegginga, må ein sjå større areal i samanheng, over kommunegrensene og over fylkesgrensene. Dersom kommunane skal ha dette ansvaret, trengst ressursar og kompetanse ut over det som finst i dag.

Det er ikkje lett å få ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning med dagens fragmenterte fordeling av mål, ansvar og verkemiddel mellom ulike departement og mellom ulike forvaltningsnivå. Departementa har sektoransvar for miljø på sitt område, men har også andre målsetjingar, som ofte ikkje let seg sameine med omsyn til miljøet.

Kommunane slit med ønske om vekst og betre økonomi, og vil lett bli freista av utbyggingsinteresser som kjem med pengar og arbeidsplassar. Interessene må vegast, og i dag ber desse vurderingane preg av at forståinga er svak av korleis økosystema fungerer og kor viktige tenester dei yter no og i framtida.

Ekspertane sit med mykje teoretisk kunnskap. Når denne kunnskapen blir tredd ned over hovudet på lokalbefolkninga, oppnår ein ofte det motsette av den berekraftige forvaltninga ein ønskjer. Lokalt er det mykje erfaringsbasert kunnskap, og folk har ei grunnleggjande interesse i at lokalsamfunnet skal overleve og overleverast til seinare generasjonar i god stand.

Frivillige organisasjonar har eit stort engasjement for natur og miljø i lokalsamfunnet sitt, og kan vere viktige bidragsytarar i langsiktige avgjerder og i forvaltning av områda. Dersom ekspertane kan integrere og utnytte lokal, erfaringsbasert kunnskap gjennom dialog, samarbeid og aktiv involvering, får ein den beste og mest langsiktige forvaltninga.

Gratispassasjerar

Mykje av årsaka til vårt store overforbruk av økosystemtenester, er at dei står fram som gratis eller svært billege å utnytte. Det blir til vanleg ikkje teke omsyn til at naturkapitalen er knapp. Auka forbruk, økonomiske interesser og kortsiktig gevinst dominerer avgjerdsprosessane, særleg når det kjem til politiske avgjerder. Det gir ikkje mange stemmer ved val å forsvare naturen. Det kan derfor vere eit viktig strategisk grep å synleggjere naturverdiane betre i avgjerdsprosessar, både i lokal og statleg forvaltning.

Kostnaden ved tap av natur må synleggjerast, og av og til kan det på fornuftig vis også målast i kroner – som er eit språk folk i vår tid forstår.

I desse dagar blir framtida til det mangfaldige norske landbruket avgjort, og det er grunn til å tenke over kva landbruket betyr for økosystemtenestene vi er avhengige av.

Ifølgje FAO, FNs organisasjon for ernæring og landbruk, blir matjorda mange stader i verda i dag forringa på grunn av eit for intensivt drive jordbruk. Dette er ikkje berekraftig verken miljømessig, økonomisk eller sosialt. Produksjonsmetodane er kjenneteikna av høgt energiforbruk, høg tilførsel av kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel og dårleg agronomi.

FAO meiner at økologiske dyrkingsmetodar kan bidra til auka produksjon for småbrukarar i den fattigaste delen av verda, og at desse metodane gir betre jordstruktur, auka næringsinnhald i jorda, betre hushaldning av vatnet, høgare biologisk mangfald og reduserte miljø- og helsefarar knyta til bruk av kjemikaliar.

I det norske kulturlandskapet i ope lågland kan skjøtsel og redusert gjengroing sikre eit svært rikt biologisk mangfald. Dette er viktig for jordbruket og matproduksjonen og gir opnare landskap der folk trivst og ferdast.

Ei sterkare økosystemtenestetilnærming i utforminga av verkemidla i landbruket vil kunne sikre slike tenester. Regjeringa vil det annleis.

Powered by Labrador CMS