Kronikk

Barrierar hindrar gode innkjøp
Vår nye næringsminister vil ha nye og enklare reglar for offentlege innkjøp. Skal det bli enklare også for offentlege innkjøparar å gjennomføra det gode innkjøpet?
Utviklinga med at offentlege innkjøp i større og større grad blir advokatmat, tener berre advokatstanden
Vi les i ofte i avisene om offentlege innkjøp som ikkje er gode nok. Mange innkjøp blir klaga på til Kofa, det blir rettssaker og mange innkjøpsprosessar blir avlyst før det blir inngått kontakt med vinnaren av konkurransen.
Større offentlege innkjøp eller kommunale innkjøp, som eg kjenner best, blir lyst ut på konkurranse etter gjeldande regelverket. Regelverket er laga for å skape større konkurranse og å likebehandle leverandørar. Innkjøpa skal ha føreseielege vilkår og kunne dokumenterast.
Ønskjer dei beste innkjøpa
La oss slå det fast ein gong for alle: Vi ønskjer alle å få dei beste innkjøpa med omsyn på både pris og kvalitet. Vi jobbar for å få dei produkta som kommunen treng nå og i framtida. Vi jobbar saman med næringslivet for å kunne nytte moglege nye løysingar og derigjennom stadig utvikla kommunen.
Innkjøparar i kommunar ønskjer, som politikarane, å inkludere alle gode ting i innkjøpa. Me skal gjennom innkjøpa driva innovasjon i kommunesektoren. Me skal få lågast pris, best kvalitet, ta miljø- og etikkomsyn og ta eit samfunnsansvar. Alle omsyna me skal ta, gjer innkjøpa kompliserte. Kva konkrete miljøkrav skal setjast, kva etikkrav og kva samfunnsomsyn skal me ta, og kva me skal evaluera på. Når alle omsyn skal takast, er det lett å trø feil i finjussen og regelverket.
Innkjøparane i kommunane har ofte økonomisk kompetanse og noko innkjøpsfagleg jus, men dei er ikkje juristar eller advokatar. Det blir laga anbodsdokument etter beste evne og beste intensjon, men dette blir ofte ikkje godt nok når advokatar begynner å tolke jussen i dokumenta.
Hyrer advokatar
Tidlegare var skrekken å bli innklaga til Kofa. Nå etter innføringa av gebyr, er faren for usakleg innklaging til Kofa redusert. Me ser nå ei endring i korleis delar av næringslivet opptrer når dei ser ut til å tape ein konkurranse. Dei hyrer inn advokatar som har spesialisert seg på offentlege innkjøp, som skal finsikte jussen i anbodsdokumenta for å finne ein grunn til å krevje konkurransen avlyst.
Det er nå meir regel enn unntak at tilbydar som ikkje når opp i konkurranse, krev dokumentasjon på alt det er mogleg å få innsyn i. Deretter kjem klagebrev på ofte små og uvesentlege forhold, forhold som ofte ikkje har samanheng med utfallet av konkurransen. Kommunane har likevel gjort feil i tolkinga av regelverket, slik desse advokatane – gjennom å sitera mange Kofa-avgjerder og EU-dommar – legg til grunn.
Desse klagene bruker nå kommunale innkjøparar mykje tid på å svare på. Ofte klarer vi ikkje å svare på alt, og det ender med at konkurransen blir avlyst. Nye rundar med konkurranse må gjennomførast. I staden for å jobbe med å gjennomføra dei gode innkjøpa og spare offentlege pengar, må ressursane brukast på dokumentasjon og atter dokumentasjon i ørkeslause prosessar, og praksisen skaper også usikre innkjøparar.
Mange vil nok hevde at innkjøpa i større grad må profesjonaliserast gjennom større innkjøpseiningar som kan ha både juridisk, fagleg og økonomisk kompetanse. Dette kunne også vore nok eit argument for kommunesamanslåing. Nå viser det seg at dei største kommunane også slit med dei same problemstillingane, og større innkjøpseiningar løyser ikkje alle problem.
Blir det enklare?
Vår nye næringsminister vil ha nye reglar for offentlege innkjøp, slik at det skal bli enklare for næringslivet å levere tilbod. Det skal bli mindre dokumentasjonskrav, meir miljøomsyn og meir innovasjon.
Det er freistande å spørje: Skal det også bli enklare for offentlege innkjøparar å gjera det dei er sett til – å gjennomføra det gode innkjøpet? Skal me få tid til å jobbe med innkjøp, eller skal me framover bruke våre ressursar på å lage anbodsdokument utan eit einaste tolkingspunkt?
La det vera heilt klart at om kommunale innkjøparar skal sikre seg hundre prosent mot feil, blir det mykje administrativt arbeid med mest vekt på korrekte dokument og ikkje på det beste innkjøpet.
Utviklinga med at offentlege innkjøp i større og større grad blir advokatmat, tener etter mi meining berre advokatstanden. Er det mogleg å snu denne utviklinga?