Kronikk

– Om dei synlege spora etter brannen snart er borte, vil folk og bygd framleis vere prega av det som skjedde i lang tid framover, skriv Jan Øhlckers, om storbrannen som råka Lærdalsøyri januar. Foto: Magnus K. Bjørke
– Om dei synlege spora etter brannen snart er borte, vil folk og bygd framleis vere prega av det som skjedde i lang tid framover, skriv Jan Øhlckers, om storbrannen som råka Lærdalsøyri januar. Foto: Magnus K. Bjørke

Attreising – kva kan me lære av Lærdal?

Det er lange tradisjonar for at storsamfunnet stiller opp ved katastrofar. Dette vart understreka av statsminister Erna Solberg etter brannen i Lærdal. Det skulle gå annleis.

Publisert Sist oppdatert

Det i dag heilt i det uvisse om staten vil delta i gjennomføringa av resten av attreisingsprogrammet.

Sist vinter blei Frøya, Flatanger og Lærdal råka av katastrofebrannar. Lærdalsøyri opplevde den største brannen i tettbygde strøk etter krigen. Store verdiar gjekk tapt. Mange fekk traumatiske opplevingar. Utruleg nok gjekk det ingen liv. Det var heller ikkje store personskadar. Det verna trehusmiljøet er nesten intakt.

Etter slike katastrofar er attreisinga ei utfordring. Det gjeld å komme raskt tilbake til normalt liv, men òg å redusere framtidig sårbarheit og legge til rette for ny utvikling i dei råka områda.

Som prosjektleiar for attreising og utvikling av Lærdalsøyri fyrste halvår etter brannen har eg gjort meg nokre tankar rundt attreisingsarbeidet. Skadeflaumen i Odda og kommunane i Indre Sogn no i oktober gjer at nokre av erfaringane frå Lærdal òg kan ha verdi for andre lokalsamfunn.

Krisa råka ei heil bygd. 10 prosent av bygningsmassen brann opp. 681 personar eller 50 prosent av innbyggjarane vart evakuert. Mange av dei var barn og ungdom. Dei vart vekt nattetid og henta ut av eit flammeinferno. 270 personar vart lagt inn på sjukehus for kortare eller lengre tid.

Uvisst innhald – uvisst utfall

Ein attreisingsprosess er dynamisk, interaktiv og avgjerdsprega. Krisa blir starten på ein prosess med uvisst innhald og uvisst utfall. Studiar av liknande katastrofar andre stader i verda understrekar vekslinga mellom langsiktig strategi og raske avgjerder. Omsynet til dei råka må stå i sentrum, men samtidig må kommuneleiinga syte for kapasitet og kompetanse til å planlegge og tenke langsiktig.

Ynskje om å komme tilbake til normalt liv var sjølvsagt heilt dominerande i starten. Samtidig opna brannen for nye moglegheiter. Å balansere desse til dels motstridande omsyna er krevjande, men viktige verdival for kommuneleiinga.

Kommunestyret tok ansvar for å finne balansepunktet. Det vart gjort i programmet for «Attreising og utvikling av Lærdalsøyri». Programmet står heilt sentralt i attreisinga. Det skapte retning og semje om prioriteringar. Det synleggjorde organisering, ansvar, økonomiske rammer, risiko og utfordringar.

Kritiske suksessfaktorar

Risikoanalysen i programmet gir eit oversyn over kritiske suksessfaktorar. Nokre av dei største farane er:

• sein rekruttering av kompetanse

• manglande a-konto betaling frå staten

• dårleg samarbeid med dei råka

• lokal usemje

• for lite statstilskot

• andre aktørar stiller ikkje opp

Me bryt kommunelova kvar dag! Kommunen sin økonomiske situasjon gav eit uvanleg dilemma. Formalitetane krev at attreisingsarbeidet ikkje starter før pengane er på konto og nødvendige vedtak fatta. Her var det ikkje midlar til å gjere noko som helst!

Det var ein umogleg situasjon. Her var berre ei løysing; å gå for tilgiving og sette i gang! Noka anna var utenkeleg.

Det er lange og gode tradisjonar for at storsamfunnet stiller opp ved slike høve. Dette vart understreka av statsminister Erna Solberg dagen etter brannen. Ho lova og at katastrofen ikkje skulle gå ut over den kommunale økonomien. Det skulle gå annleis.

Grell kontrast

Kommunen fekk raskt hjelp til å dekke mykje av utgiftene under og rett etter brannen. Fleire viktige etatar reagerte snøgt og ytte nødvendig hjelp. NVE snudde seg rundt få dagar etter brannen og gjennomførte skred- og flaumsikringskartlegging vederlagsfritt. Riksantikvaren stilte arkitekthjelp til rådvelde. Det er fleire eksempel.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) si handtering av søknaden om hjelp til attreising står i grell kontrast til lovnader og innsats frå mange andre statelege instansar.

Søknaden om hjelp var på litt over 28 millionar kroner for 2014. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, staten sin eigen representant i fylket, tilrådde at KMD ytte eit skjønnstilskot på 20 millionar kroner.

Utan dialog med kommunen og meir enn fire månader etter brannen, gav departementet eit skjønnstilskot på 9,13 millionar kroner i 2014 – 3 millionar til leiing og kompetanse i 2014, særleg innanfor planlegging og psykososial hjelp til dei råka, og 6,13 millionar til opprydding og infrastruktur. I tillegg kom det lovnad om 5 millionar til omstilling i 2015.

Storsamfunnet sine vilkår og atterhald er mange og detaljerte. Det vert argumentert med likehandsaming og konsekvens.

Departementet hadde ikkje evne (eller vilje?) til å betale ut eit mindre beløp a konto for fyrste halvår, på trass at dei ved fleire høve vart oppmoda om det og var orientert om kommunen sin prekære økonomiske situasjon. 

Reglane føreset ei kommunal eigendel på om lag 0,5 millionar kroner, trass lovnad om at katastrofen ikkje skulle gå utover den kommunale økonomien.

Utgifter til førebyggjande tiltak som t.d. redusert sårbarheit skal ikkje med i berekningsgrunnlaget for kompensasjon. Det vert heller ikkje dekt utgifter til ny utvikling av dei råka områda.

Lærdal Energi sine utgifter under og rett etter brannen (aggregat, diesel) på 2,7 millionar kroner vert ikkje dekka. Hadde kommunen tinga desse tenestene og fått dei fakturert, hadde situasjonen truleg vore annleis. Kommunen har bedt om ny vurdering av denne avgjerda.

Skalerte ned innsatsen

Kommunestyret tok konsekvensane av manglande statleg hjelp i junimøtet i år og skalerte ned innsatsen i 2014. Samtidig vart det vedteke å halde fast på programmet for 2015 og 2016.

Kva er så status etter trekvart år? Attreisinga er i full gang. Branntomtene er for lengst rydda. Nye hus er under bygging. Så godt som alle dei som mista husa sine kan flytte inn i ny heim før eller rett etter jul.

Men krisa er ikkje over. Fagdirektøren i Helse Førde FT har summert opp situasjonen slik:

«… Kommunen vil også få vedvarande utfordringar innanfor område som førebygging og planlegging, utforming av planverk og oppfølging av psykososiale tiltak. I tillegg til dette har kommunen på fleire område eit etterslep av oppgåver som er utsett eller sat på vent med bakgrunn i nødvendig prioritering i forbindelse med brannen.»

Det er brei fagleg semje om at både dei psykososiale effektane og verknaden på kommuneorganisasjonen vil vare i fleire år. Likevel er det i dag heilt i det uvisse om staten vil delta i gjennomføringa av resten av programmet.

Kommunen førebur no søknad om statleg hjelp i 2015. Høgste prioritet har psykososial hjelp til barn og ungdom. Om dei synlege spora etter brannen snart er borte, vil folk og bygd framleis vere prega av det som skjedde i lang tid framover.

Powered by Labrador CMS