Nyheter

Seks kommunar felt på ei veke

Heile seks kommunar vart felt i Kofa sist veke. Ein fekk bot på 2,4 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Klagenemnda har gjeve Andebu eit gebyr på 2,4 millionar, etter at kommunen ikkje kunngjorde konkurransen om å byggje eit nytt kommunalt bygg, som mellom anna skulle ha plass til Nav-kontor.

Utan utlysing er ein slik jobb å rekne som eit direkte kjøp, og då kan Kofa gje bot på opp til 15 prosent av verdien på kontrakten. Kommunen klarte ikkje å overtyde Kofa om at den trengte ein spesiell tomt til bygget. Bota er på litt over 8 prosent av verdien av kontrakten.

Stavanger og Sandnes har og fått ei uttale mot seg i Kofa, etter å ha nytta eit ulovleg kriterium for å tildele kontrakt på tolking og omsetjing. Konkurransen skulle ha vore avlyst og gjort om att, slår nemnda fast.

Andøy kommune skil ikkje godt nok mellom kva som er kriterium for å kvalifisere til ein konkurranse, og for å vinne han. Saka gjaldt totalentreprise på ein skule. Kommunen braut reglane, konkluderer Kofa. Larvik klarte heller ikkje å skilje mellom kvalifisering og tildeling i ein konkurranse om innsamling av avfall, og vert og felt av nemnda.

Oslo kommune lyste ut ein konkurranse der grunnlaget var så uklårt at det ikkje var mogleg å levere tilbod som ein kunne samanlikne. Saka gjaldt slokkeutstyr.

Den einaste saka der ein kommune vart frikjend av Kofa sist veke, var i Skien. Nemnda er heilt samd med kommunen i at ein leverandør måtte avvisast, av di det ikkje var i tråd med grunnlaget for konkurransen.

Powered by Labrador CMS