Nyheter
Ny forskrift kan koste dyrt
Fleire kommunar gløymer ein ny forskrift når dei sender ut anbod. Det kan koste dei millionar av kroner. I Fet vart heile prosessen stoppa i siste lita.
Rektor Åshild Noraker, lærarane og dei 220 elevane ved Dalen skule i Fet får ikkje flytte inn i ny skule til hausten. Dei må nøye seg med lokala som er bygd på 1960- og 1970-talet nok eit skuleår.
– Bygget er svært slite, og har preg av at ein over tid har tala om å pusse opp. Men eg trur ikkje utsetting spelar nokon rolle for elevane. Vi som arbeider her skal ha merksemda retta mot elevane, og ikkje nytte energi på at dette vert problematisk.
Årsaka til at konkurransen om omfattande skulefornying vart stoppa, er at Fet kommune ikkje gjorde som dei skulle i utlysinga av anbodet. Eit firma som ikkje fekk oppdraget truga med søksmål om ikkje konkurransen vart stoppa, og hevda Fet hadde gjort fleire feil i prosessen. Kommunen valde å starte konkurransen på nytt.
Ny forskrift
At kommunar gjer feil i anbod, er ikkje noko nytt. Men frå årsskiftet gjeld ei ny forskrift for byggherrer, som stiller nye krav til kommunane når dei skal utlyse konkurransar.
Utgangspunktet er eit direktiv frå EU om minstekrav til midlertidige eller mobile arbeidsplassar. I praksis tyder forskrifta at kommunane både må ta med nokre spesielle krav til entreprenør, og gje omfattande informasjon om byggeplassen, i det dei lyser ut anbod. Om ikkje desse krava uttrykkeleg er med i utlysinga, må heile konkurransen berre avlysast.
Rådmannen og eigedomssjefen i Fet orienterte formannskapet på eit ekstraordinært møte tidlegare i vinter om at dei køyrer byggjekonkurransen på nytt.
Eigedomssjef Bjørn Magne Bakken meiner både Fet og andre kommunar dei har kontakt med, har lært noko av saka.
– Det er noko av den største utfordringa vi har, særleg for kommunar av vår storleik. Ein har ikkje nok kompetanse på huset til å løyse alle dei komplekse sakene. Det hjelp lite kor mykje ein følgjer med i Kofa-saker.
Advokatane som klaga på utlysinga frå Fet, meinte det var fleire ting som var gale med den første utlysinga. Bakken meiner det viktigaste var at kommunen ikkje hadde tatt med kva sanksjonar Fet ville ta i bruk, om entreprenøren dreiv sosial dumping.
– Vi hadde med kva krav vi sette, men ikkje setningane om sanksjonar.
Gleder seg
Bakken har no nytta ekstern jurist med spisskompetanse på offentlege innkjøp.
– På denne type saker vil eg absolutt råde kommunar som ikkje har slik kompetanse til å gå ut og få sakene kvalitetssikra. Dette er finjuss.
No ligg nye anbod ute i den nasjonale basen Doffin, med frist i byrjinga av april. Kommunen reknar med å ha lovlege kontraktar klåre i sommar. Ramma som er vedteken i kommunestyret for heile skuleutbetringa, er på 165 millionar kroner.
Rektor Nordaker ser fram mot ny skule og betre forhold i 2011.
– Det skal bli veldig fint. Vi får eit bygg som er tilpassa undervisninga, med god luft og rett varme. No er nokre rom supervarme, andre superkalde.