Nyheter

Må kartlegge byggjeplassen

Advokat Mikal Brøndmo i advokatfirmaet Haavind meiner manglande kunnskap om dei nye reglane kan gjere at mange byggeprosjekt i Kommune-Norge kjem til å ta mykje lenger tid – eller ende ut i rettssakar og krav om erstatning om ikkje feila vert funne i tide. Ein fare er òg at Arbeidstilsynet kjem på vitjing og stoppar prosjekt som ikkje følgjer den nye forskrifta.

Publisert Sist oppdatert

– Regelverket er komplekst, og det er ikkje godt nok kjent. Krava er nye, og usikkerheita stor. Mange kjem til å måtte utsette prosjekt.

Det spesielle med den nye byggherreforskrifta er at ho no stiller krav til både såkalla tilbodsgrunnlag og kontraktar. Tidlegare var dette ei forskrift som handla mykje om HMS. Det kan vere ei årsak til at dei som driv med innkjøp, ikkje har fått med seg kor viktige endringane er.

Brøndmo meiner det viktigaste kommunane no kan gjere for å unngå trøbbel, er å setje seg inn i forskrifta og informasjonen frå Arbeidstilsynet som forklarer innhaldet.

– Så gjeld det å sørgje for at kunnskapen vert kjent internt. Mellom anna har kommunen no større ansvar for å kartleggje byggeplassen på førehand, og byggherren skal følgje opp på byggeplassane undervegs i prosjektet.

Allereie til prosjekteringa er det viktig at kommunane stiller dei rette krava i høve til regelverket.

Powered by Labrador CMS