Nyheter

Kofa får mindre makt

Klagenemnda skal ikkje lenger gje bøter til kommunar som kjøpar ulovleg, foreslår eit utval. Samstundes kjem strengare reglar for å stoppe direktekjøp.

Publisert Sist oppdatert

Det såkalla Sejersted-utvalet leverer no fredag morgon ei offentleg utgreiing (NOU) om nye reglar for offentlege innkjøp, som følgje av eit nytt EU-direktiv som må inn i norsk rett.

Hovudpoenget er å handheve reglane strengare. Samstundes nyttar fleirtalet i utvalet høvet til å rydde opp i kven som skal ha makt til kva.

Mellom anna vil utvalet, med unnatak av NHO, at Kofa ikkje lenger skal ha rett til å gje bot når ein kommune handlar ulovleg direkte frå ein leverandør.

Den myndigheita skal i staden domstolane heretter ha, og bota kan framleis vere på inntil 15 prosent av verdien på kontrakten. Endringa tyder altså ikkje at kommunane slepp unna bøter, men det vert ikkje lenger Kofa som får utstede dei.

I tillegg vil utvalet ha eit par andre presiseringar i regelverket som i praksis er kritikk av korleis Kofa har tolka regelverket til no. Mellom anna skal det ikkje lenger vere tvil om at kommunane kan be leverandørane om å forlenge tida anbodet skal stå ved lag. Leverandørane skal heller ikkje kunne krevje ei individuell forklåring på kvifor nett dei ikkje vann konkurransen.

Kontrakten kan hevast

Den største endringa som direktivet frå EU fører med seg, er at kommunar som inngår ein ulovleg kontrakt kan verte tvinga til å oppheve ho. I eit juridisk vanskeleg terreng kallar utvalet dette for å kjenne ein kontrakt for å vere “utan verknad”. På vanleg norsk tyder det at kontrakten er ugyldig.

Å inngå ein kontrakt utan å følgje reglane, kan dermed få langt større konsekvensar for kommunen i framtida. Ikkje berre må ein stoppe arbeidet, ein risikerer sjølvsagt også bot og ytterlegare søksmål.

Kontraktar som retten kan kjenne ugyldige, må for det første vere så store at dei skal ha vore på anbod i EØS-området. Nasjonale anbod vert ikkje omfatta av desse reglane. I nokre tilfeller, til dømes der kontrakten handlar om ei teneste kommunen ikkje kan stå utan, skal retten forkorte kontraktstida i staden for å oppheve heile avtalen.

Det vert òg presisert at kommunar må vente inntil 15 dagar frå dei bestemmer seg for kven som skal få oppdraget og til dei kan skrive kontrakt. I denne tida kan andre leverandørar krevje ei mellombels avgjerd hos namsmannen for å hindre at kontrakten vert signert. Så snart eit slikt krav er kome til namsmannen, pliktar kommunen å stoppe prosessen og ikkje gjere noko meir før retten har teke stilling til kravet.

Forslaget til ny lovtekst vert no sendt på høyring, før Fornyings-,  administrasjons- og kyrkjedepartementet kjem med ein lovproposisjon til Stortinget seinare i år. Det er førebels ikkje klårt kva tid dei nye reglane vil gjelde frå.

Powered by Labrador CMS