Debatt

Utdanning ei tapt sak

Demokrati er ein flott ting. Om berre folket hadde vore meir logisk og rasjonelt.

Publisert Sist oppdatert

For nokre år sidan var eg i familieselskap og prata med ei av mine kusiner, som nett hadde fått unge på nytt. Kusina, som då arbeidde på kjøkken på eit sjukehus, er ei av dei mange med lite utdanning som arbeider hardt for å halde Norge i gang.

Kva tid ville ho at ungen skulle i barnehage, slik at ho sjølv kunne gå attende til jobben? Nei, det var ho i tvil om. Ho hadde rekna ut på krona kor mykje ho måtte tene før det løna seg ikkje å bli heime med kontantstønad – så kvifor jobbe hardt for andre når ho kunne ha det kjekkare heime med ny unge, så lenge som mogleg?

 

Dei siste vekene har protestane mot utdanning som eit kriterium i inntektssystemet berre auka. I Vennesla gjekk 1.000 menneske i fakkeltog, i protest mot ein kostnadsnøkkel. Det er demokrati i praksis, og det er jo heilt fantastisk vakkert! Tenk at noko så tørt kan skape så store reaksjonar.

For teknokratane, som gjer ein god jobb med å finne ut kva som skal avgjere kor mykje pengar kvar einskild kommune skal ha i rammetilskot, er det heilt sikkert frustrerande. Ekspertar har rekna fleire gonger og kome fram til at jau, det er ein samanheng mellom kor stor del av befolkninga i kommunen som har høg utdanning, og kor stor etterspurnaden er etter barnehageplass. Difor er det naturleg at utdanning er eit kriterium, når pengane skal fordelast.

Slik tenkte óg politikarane lenge. Det nye inntektssystemet vart vedteke av Stortinget før sommaren, og frå nyttår vert til saman 3,6 milliardar kroner fordelt ut frå utdanningsnivå. Om pengane hadde vore fordelt som eit likt tilskot per innbyggar, ville 37 kommunar fått 500 millionar kroner mindre enn det dei no får – og denne halve milliarden ville vore fordelt på dei 393 andre.

Etter kvart som fleire får tenkt seg om, kjem protestane. Det er heilt tydeleg vanskeleg for mange å skjøne kvifor ein gamal kall med universitetsutdanning skal gje kommunen meir i barnehagetilskot. Fleire tykkjer det er urettvist at dei som ikkje har utdanning, vert mindre verdt enn dei som har det.

Det er ikkje slik kriteriet for barnehagepengane er meint, sjølvsagt. Kriteriet finst av di kommunar med mange innbyggarar med høg utdanning må bygge fleire barnehageplassar enn andre stader. Men kriteriet vert oppfatta urettvist og merkeleg. Og då er spørsmålet: Er kriteriet viktig nok til å halde på det? Eller skal ein sjå etter andre løysingar?

Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken (Sp) gjer det han kan for å overbevise kommunar landet rundt om at dette er slik det må vere. Men samstundes opnar departementet for at ein må sjå på kriteria oftare enn før. Så ein omkamp vil ikkje vere langt unna.

Eg trur kusina mi er eit godt døme på korleis verda eigentleg fungerer: Det er ikkje utdanninga det kjem an på, det er løna. Det same var Fordelingsutvalet inne på i fjor. Tener du lite, kvifor ikkje nytte moglegheita til å vere heime lenger og få kontantstønad, framfor å slite på arbeid kvar dag og sjå ungen din nokre få timar? Det skulle vore interessant å sjå ein studie på samanhengen mellom ønskje om barnehageplass og løn. Den er kan hende mykje sterkare enn koblinga til utdanning.

Når kriteriet samstundes betyr lite i den store samanhengen – ein halv milliard kroner vert flytta mellom kommunane – kan det hende at det luraste er å finne noko anna. I så fall må vi akseptere at detikkje alltid er det ekspertane tykkjer er lurt, som er rett å gjere. Så vil vi helst ikkje leve i eit teknokrati, heller.

Powered by Labrador CMS