Debatt

– Dess meir nynorsken vert brukt i ålmenta, dess enklare vert det for nynorskbrukarar å halda på og bruka nynorsken, skriv Magne Aasbrenn. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB scanpix
– Dess meir nynorsken vert brukt i ålmenta, dess enklare vert det for nynorskbrukarar å halda på og bruka nynorsken, skriv Magne Aasbrenn. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Utan retningsliner vinn det største språket

Mållaget kan ikkje godta anna enn at den nye vestlandsregionen vert administrert på nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

Språkval kan aldri vera nøytrale, ein må anten velja det eine eller det andre.

Fylkesordføraren i Rogaland seier at nynorsken er «unaturleg» i Rogaland, og dei to andre fylka er nøgde med den vage formuleringa om nynorsk. Handsaminga av språkspørsmålet i forhandlingane om ein ny vestlandsregionen syner at politikarane har ei oppsiktsvekkjande låg forståing for dei språklege makttilhøva i regionen.

Utan språklege retningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Mållaget kan difor ikkje godta noko anna enn at den nye vestlandsregionen vert administrert på nynorsk.

Språkval kan aldri vera nøytrale, ein må anten velja det eine eller det andre. Utan reguleringar vil fleire slike språkval i ein eventuell ny vestlandsregion verta tekne til fordel for bokmålet. Heilt frie språkval er vanskeleg å sjå for seg der styrketilhøva mellom språka er ujamne.

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har forhandla fram ei intensjonsavtale om ein eventuell ny vestlandsregion. I avtala er det ikkje slege fast kva som skal vera språket i den nye regionen, og nynorsk er berre nemnd ein gong i teksten med denne setninga: «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggjar».

Dei tre vestlandsfylka har alle ein lang nynorsk tradisjon, og 67 av kommunane i den eventuelle storregionen vil vera nynorskkommunar, medan berre tre vil vera bokmålskommunar, og 15 har vedtak om at dei er språkleg nøytrale.

Nasjonalt representerer nynorsken eit språkleg mindretal. Dei som skriv bokmål, ser språket sitt rundt seg heile tida, medan dei som skriv nynorsk, ofte må leita for å i det heile finna språket sitt i media, i bøker og på internett.

Fylkeskommunen og ein eventuell ny region er ein massiv nynorsk skriftspråkprodusent. Det gjer dei til viktige skriftspråkprodusentar. Den store produksjonen av nynorsk tekst inn i havet av bokmålstekst er eit viktig bidrag for å gjera nynorsken synleg. Språkbruk avlar språkbruk, og dess meir nynorsken vert brukt i ålmenta, dess enklare vert det for nynorskbrukarar å halda på og bruka nynorsken.

Offisiell norsk språkpolitikk legg opp til styrking av nynorsk i offentleg målbruk. Språkbruken er meir enn berre ei praktisk ordning, han er òg eit viktig tildriv til politiske åtferdsmønster, tiltak, normer og verdiar. Ikkje berre som viktig bidrag i den totale tekstmengda, men òg som ei styrking av den kulturelle og språklege identiteten til nynorskbrukarane. Ein vestlandsregion som ikkje vert administrert på nynorsk, vil auke presset på nynorsken.

Powered by Labrador CMS