Debatt

Treng vi lærarar?

Dette er eit dumt spørsmål, men i stille stunder lurer eg. I alle fall ser det ut til at trongen om lærarar i alle delar av landet ikkje er særleg i fokus.

Eg er planleggar og regionalforskar, men for tida også rektor for ein høgskule som mellom anna gir lærarutdanning, førskulelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning og også mange treårige utdanningar som med praktisk pedagogisk utdanning gir kompetanse til å undervise i skulen.

Sentralt er det no teke grep for å auke kvaliteten i skulen. Dels er dette knytt til krav om kompetanse, til dømes må nytilsette som skal undervise i norsk, matematikk og engelsk ha eit fagomfang inklusive fagdidaktikk som svarar til eitt års utdanning. Det andre grepet er at det er innført ei sentralisert styrt vidareutdanning. Det tredje grepet er at frå hausten 2010 blir lærarutdanninga delt i to løp; trinna 1 – 7 og 5 – 10, eller barneskulen og ungdomsskulen med overlapping.

På mange måtar er den siste delinga i to trinn eit fornuftig grep. Det gir klarare fokus på dei ulike læringsutfordringane i barneskulen og ungdomsskulen. Men denne omlegginga har også konsekvensar som sikkert ikkje er tilsikta. Dei siste åra har søkinga til lærarutdanningane gått drastisk ned i heile landet, med ein liten oppgang i 2009. Til dømes ved Høgskulen i Volda tok vi opp 70 velkvalifiserte søkjarar i haust, for 10 år sidan snart 150. Om søkjartalet ikkje aukar til neste haust skal desse studentane fordelast på to ulike utdanningar og som etter sentrale krav skal organiserast slik at det er små høve til samdrift. Med same studenttal fordelt på to i staden for eitt løp, vil kostnadene gå mykje i veret. For å gjere utdanningane økonomisk berekraftige må vi redusere fagval i utdanningane drastisk i forhold til i dag, ja kanskje er det ikkje grunnlag for å gi meir enn ei av utdanningane. Dette blir forsterka av at kvart fag i den nye lærarutdanninga skal ha eit omfang på minst ½ års studium.

Denne kombinasjonen to studieløp og større fagkrav gjer at det berre er dei aller største utdanningane som Høgskulane i Bergen, Oslo og Trondheim som har søkjarar nok og ressursar til å kunne gi eit breitt fagleg tilbod. For oss små og mellomstore høgskular blir situasjonen at vi både må redusere talet fag vi kan tilby og kanskje også talet løp, og truleg er det ungdomsskuleutdanninga vi må kutte. Departementet vårt har direkte sagt at ikkje alle høgskular skal få denne utdanninga, dei ventar ei fordeling med 60% til grunnskuleløpet og 40% til ungdomsskuleløpet.

Slik styring er mogleg i ei ideell verd med svært mange søkjarar til lærarutdanning slik som til dømes på 1960- og -70-talet. Realitetane i dag er at alt for få vil bli lærarar.  Vi utdannar om lag 70 grunnskulelærarar i året og om lag 50 med praktisk-pedagogisk utdanning, av dei siste er det under ½ som går til grunnskulen. Ut frå aldersstruktur, over 1/3 av grunnskulelærarane i Møre og Romsdal er over 55 år, og gjennomtrekk burde vi utdanne minst 150. Vi har kapasitet og kompetanse til å auke opptaket, men alt for få søkjarar. Dei vi får er svært godt kvalifiserte og sterkt motiverte til å bli lærarar, det er ikkje mangelen – utfordringa er at status på læraryrket så vel som andre offentlege yrke er alt for låg og det virkar inn på søking. I tillegg kjem at 1/3 av våre lærarstudentar er over 25 år, dei er stort sett frå pendlingsområdet nær høgskulen og bufaste. Vi ser at om desse ikkje får tilbod om lærarutdanning som dei vil ha, så vil deistudere noko anna. Manglande bredde i fagtilbod kan ein rette på om ein til dømes kan samordne fagtilbod i 4. året i lærarutdanninga med vidareutdanning av lærarar, men som blir hindra av ein sentralstyrt modell for vidareutdanning og som fungere i storbyane, men ikkje særleg bra i distrikta. Til dømes kan sumverknaden bli at det ikkje blir ungdomsskulelærarutdanning mellom Bergen og Trondheim.

Om ein ikkje nasjonalt greier å doble søkinga til lærarutdanninga svært raskt er eit sannsynleg scenario:

• Sterk konsentrasjon av lærarutdanninga til storbyane, berre der kan ein gi begge utdanningsløp og eit breitt fagtilbod. Med stor underdekning av nyutdanna lærarar vil dei aller fleste bli verande som lærarar i storbyane.

• Fagleg utarming og reduksjon av lærarutdanning i periferien, noko som fører til at færre bufaste og regionalt tilknytte lærarar blir utdanna og som følgje ein aukande mangel på lærarar i distrikta. Skulenedlegging og sterk reduksjon av fagleg kvalitet i distriktsskulane vil følgje av dette etter kvart som talet ukvalifiserte lærarar vil auke.  

Som regionalforskar er mi bekymring at dette vil vere med på å auke kvalitetsforskjellane i offentlege tenester mellom sentrum og periferi og dermed føre til endå større sentraliseringspress. Og når det ikkje lenger er barn i distrikta så treng vi sjølvsagt ikkje lærarar? 

Powered by Labrador CMS