Debatt

Treng ein forsking i distrikta?

Debatten etter Stjernø og den nye forskingsmeldinga er prega av synspunkta til universiteta og dei sentrale forskingsinstitutta. Noreg treng sterke miljø, spesialisering og sentraliserte forskings- og utdanningsmiljø for å greie oss i den internasjonale konkurransen, heiter det.

Eg er enig i Noreg treng sterke forskingsmiljø og ei meir gjennomtenkt arbeidsdeling og spesialisering, men dette er ikkje eit argument for sentralisering til storbyane. Tvert imot må ein satse på ei vel gjennomtenkt lokalisering av sterke miljø i heile landet dersom ein skal opptre i samsvar med ny kunnskap om kva som fører til innovasjon, nyskaping og næringsutvikling.

Til dømes er det ikkje gitt at sterke nasjonale og internasjonale fagmiljø er tett nok knytt til nasjonalt og regionalt næringsliv og til dei samfunn som har størst kunnskapsbehov innan eit felt. Praktiske forhold som lokalisering og avstand i lag med forskingstradisjon og brukskultur av kunnskap kan vere heilt avgjerande for kva nytte regionale og nasjonale samfunn har av forsking. Internasjonale forskingsmiljø med stor innovasjonsevne er oftast prega av ein spesielt utadretta og brukarretta forskingskultur. Ei sentral utfordring knytt til spesialisering og eliteorganisering er at det er svært vanskeleg både å få meir framragande forsking målt som internasjonal publisering og samstundes få god spreiing i bruk av ny kunnskap utanom forskingsmiljø. Regionalt har ein derfor store behov for brukarretta forsking, utdanning og praktisk bruk av kunnskap og som samstundes er i tett kontakt med den internasjonale forskingsfronten innan felt som er spesielt viktige regionalt.

Dilemmaet er på den eine sida at «elitemodellar» som regel legg ein instrumentell forskings- og formidlingsmodell til grunn og som føreskriv at vi treng større og meir robuste fagmiljø for å få betre forsking og undervisning - og som til no har innebore ei sterk storbysentralisering. Denne modellen blir no kraftig utfordra. Nyare dynamiske utviklings- og innovasjonsmodellar forutset ein tett integrasjon og samlokalisering mellom kunnskapsmiljø og næringsliv/brukar, fysisk nærleik som lettar personleg kommunikasjon og gjensidig kunnskapsutvikling. Sidan næringslivet si romlege lokalisering og spesialisering i liten grad er offentleg styrbar, er det opplagte svaret at offentleg verksemd må styre forsking og utdanning til slike eksisterande og potensielle næringsmiljø for å få større regional og nasjonal effekt. Samstundes må denne innsatsen vere så kraftfull at krava til kvalitet kan stettast og at kunnskapsutviklinga er meir anvendt, utviklingsorientert og dialogbasert enn den som normalt er i dagens elitemiljø.

Behovet for innovasjon og nyskaping i offentleg sektor er minst like stort som i privat sektor. Skal vi i framtida organisere helsestellet i Norge om lag som no, vil vi rett og slett nytte for stor del av den humane kapitalen vi har, til skade for næringsliv og samfunnsutvikling. Innovasjonsmeldinga (St.meld. nr 7 2008-2009) peikar på det store behovet for innovasjon i offentleg sektor. Denne meldinga legg hovudvekt på «vertikale utfordringar» som helse, Nav og utdanning. Tilsvarande er dette fokus i den nye forskingsmeldinga «Klima for forsking» og som har mange positive signal om forsking innan offentleg verksemd. Men vi treng ikkje berre «sektor-» eller «profesjonsforsking», vi treng også «horisontale innovasjonar» spesielt knytt til kommunal og fylkeskommunal verksemd. Ein føresetnad for velferdskommunen er at denne skal sjå ulike sektorar og funksjonar i samanheng og gjennom dette få mest mogleg tenesteyting og samfunnskvalitet av avgrensa midlar. Kommunane vil framover ha store utfordringane knytt til aldring og har alt store rekrutteringsproblem både av kompetanse og «hender». Utkantkommunane går i tillegg inn i ein fase med sterk uttynning og sentralisering av befolkning og med store behov for å utvikle nye løysingar knytt til produksjon av utdanning og omsorg.

Høgskulane i både storby og spesielt i Utkant-Noreg har ei viktig rolle her. Regionale samfunn - storby så vel som utkant - har sine spesielle utfordringar og kunnskapsbehov som best kan oppfyllast gjennom tett dialog mellom næringsliv,offentlege aktørar og FoU-institusjonar i regionen. I eit ideelt dynamisk kunnskapssystem skal regionale FoU-institusjonar både ha tett kontakt med regionalt nærings- og samfunnsliv og nasjonale og leiande internasjonale kunnskapsmiljø. Våre erfaringar er at skal ein fremme innovasjon i offentleg og privat sektor, så må ein kombinere kunnskapsutvikling om situasjon og utfordringar med aktiv opplæring og organisasjonsutvikling.

Etter mi meining må midlane til forsking, utviklingsarbeid og innovasjon retta mot offentleg sektor og spesielt kommunane styrkast i vesentleg grad. Forskings- og utviklingsarbeid knytt til velferdskommunen utanom storbyane bør bli definert som ei spesiell oppgåve for høgskulane i distrikta og tilstrekkelege forskings- og utviklingsmidlar må stilt til disposisjon. Dei nye regionale forskingsfonda kan vere eit viktig virkemiddel. Like eins må grunnutdanning og etter- og vidareutdanning av personar som er bufaste og som kan lærast opp til å fylle viktige velferdsoppgåver i eige samfunn styrkast, og spesielle omsyn må takast til at slik opplæring er vesentleg meir ressurskrevjande enn tradisjonell grunnopplæring av ungdom.

Powered by Labrador CMS