Debatt

Skal kvar kommune bruka store ressursar for å dokumentera kvart einaste boligutleigeforhold tilbake til 2004 for å prøva å argumentera for sitt syn, spør Per Blikra. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud, NTB scanpix
Skal kvar kommune bruka store ressursar for å dokumentera kvart einaste boligutleigeforhold tilbake til 2004 for å prøva å argumentera for sitt syn, spør Per Blikra. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud, NTB scanpix

Tilbakebetaling av moms – eit statleg ran?

Skatteetaten er i ferd med å krevja tilbakebetaling av moms frå kommunane knytt til helse- og sosialbustader for milliardar av kroner. Vil staten ta omsyn til dette i det økonomiske opplegget for kommunane, eller renn pengane berre ut i sanden?

Publisert Sist oppdatert

Er spørsmålet for vanskeleg og uoversiktleg til at det blir tatt tak i?

Skatteetaten og kommunane er ikkje samde om korleis regelverket for momskompensasjon for utleigebustader skal tolkast. Dersom Kommune-Noreg ikkje skil seg vesentleg frå kommunane på Nord-Jæren, og krava om tilbakebetaling som Skatteetaten har sendt hit blir ståande, vil over 2 milliardar kroner skifta eigar i løpet av den tida Skatteetaten treng for å gå gjennom alle kommunane.

Det er fleire interessante problemstillingar i denne saka:

• Skal regelverket tolkast bokstaveleg og strengt, slik Skatteetaten hevdar, eller skal kommunane krevja momsrefusjon i samsvar med faktisk bruk av utleigebustadene?

• Skal staten ta omsyn til at kommunane overfører milliardbeløp til Skatteetaten?

Både KS, KMD og HOD (som fagdepartement) bør vera interessert i at kommunen ikkje blir utarma, sjølv om overføringane skjer over fleire år og er vanskelege å få oversikt over.

• Ei streng tolking av reglane vil gjera det dyrare og vanskelegare for kommunane å bidra til ønska auka bustadbygging, og sosialhjelpsutgiftene vil auka på grunn av høgare husleiga når kommunane ikkje lenger får momsrefusjon.

• Skal kvar kommune bruka store ressursar for å dokumentera kvart einaste boligutleigeforhold tilbake til 2004 for å prøva å argumentera for sitt syn?

• Har dei ulike regionkontora i Skatteetaten lagt same strenge tolking til grunn, eller er det geografiske variasjonar?

• Kommunal Rapport har laga sitt eige resultatmål for kommunane: korrigert netto driftsresultat. Burde dei og korrigert for kommunar som i 2013 eller 2014 har sett av/betalt tilbake moms for utleigebustader som utgjer opp mot 0,5 prosent av driftsinntektene, for å få meir reelle samanlikningar av drifta?

• I vår var det stor ståhei om momskompensasjon for kulturhus. Dette kan i dei kommunane det gjeld, vera langt større beløp det er snakk om enn momskompensasjon på utleigebustader. Men for Kommune-Noreg samla er omfanget kanskje mindre.

I tillegg er kulturbyggmomskompensasjonen ei uvisse som dei fleste har visst om, mens når det gjeld momskompensasjon på utleigebustader, så trur eg dei fleste kommunane har vore uvitande om at dei kanskje har hatt «feil» praksis heile tiåret den generelle momskompensasjonsordninga har eksistert.

Det er dei to fyrste problemstillingane som er viktige for Kommune-Noreg å få avklart.

Skatteetaten krev at bustadene skal vera fysisk tilrettelagt for leigetakarane, og at leigetakarane skal ha tildelingsvedtak som eksplisitt viser at dei har krav på denne typen tilrettelagt bustad.

Kommunane meiner at Skatteetaten ikkje tar omsyn til at mange av dei kommunale leigetakarane har samansette og tverrfaglege problemstillingar som gjer at dei er utelukka frå den ordinære utleigemarknaden.

Kommunane argumenterer og for at særskilt tilrettelegging av bustader bør famna vidare enn det Skatteetaten legg til grunn.

Når det gjeld omfanget av krav om tilbakebetaling frå Skatteetaten, er det vanskeleg å få oversikt over dette. Eg har forstått det slik at dei ulike skattekontora har tolka regelverket ulikt, men at etter kvart blir den strenge tolkinga lagt til grunn for alle.

Dette betyr at krava har komme og vil komma til ulike tidspunkt, nokre kommunar (som nokre av oss på Nord-Jæren) har sett av for dette forholdet i 2012–2014, mens i andre kommunar er arbeidet med å kontrollera og diskutera forholdet knapt starta.

Ordførarane i Randaberg, Stavanger, Sola og Sandnes sende eit brev til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i november 2014, der dei blant anna etterlyste ei prinsippavgjersle om momskompensasjon på utleigebustader.

Sanner svarte 5. januar at problemstillinga var formidla vidare til rett adressat, som var Finansdepartementet, og at «…På denne bakgrunn tar Finansdepartementet sikte på å komme med en nærmere uttalelse i nær framtid».

Den nære framtida har ennå ikkje vist seg.

Randaberg kommune har sendt brev til KS med kopi til KMD der me har bedt KS vurdera om det må gjerast noko i samband med det økonomiske opplegget for kommunane med bakgrunn i dei forventa overføringane frå kommunar til stat, dersom den strenge tolkinga av regelverket blir gjeldande.

Forholdet vart tatt opp av KS i konsultasjonsmøte med staten 22. april 2015. I referatet frå dette møtet står det mest om problemstillinga med momskompensasjon på kulturhus, men det står og:

«Helgesen var enig i at prosedyrene i sakene skal følges, men at politikere må drøfte de problemstillingene som oppstår når regelverket strammes inn. Problemstillingen med sosialboliger gjelder flere kommuner. Det er et spørsmål om hvordan vi bruker offentlige midler. En villet sosialpolitikk fra Stortinget bør ikke stoppes på grunn av innstramminger i regelverket fra skatteetatens side.»

Nå nærmar statsbudsjettet seg, og me vil, som kvart år, få diskusjonar om kommunane er kompensert rett for endringar i oppgåver og finansiering. Her kan det bli brukt store ord dersom KS og staten er usamd om titals og hundretals millionar. Krava om tilbakebetaling av moms ser ut til å bli langt større, men er det for vanskeleg og uoversiktleg til at det blir tatt tak i?

Powered by Labrador CMS