Debatt

Statleg vanmakt i språkpolitikken

Stoda for nynorske lærebøker synest symptomal for den tafatte haldninga til språkpolitikk regjeringa syner.

Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet har lagt fram kvar sine stortingsmeldingar. «Ein heilskapleg språkpolitikk», lovar kulturministeren. Men språkpolitikken har kan hende aldri vore meir sprikande.

Kunnskapsministeren har nyleg med karakteristisk handlekraft lova - å få laga ein rapport om stoda for nynorske lærebøker. Og lovnader om nye rapportar og utgreiingar ser i dei to språkmeldingane ofte ut til å erstatte ein god del politisk tenking.

Styresmaktene har siste åra late forlaga handfritt få tolke læreplanar og språknormer som dei vil. No spekulerer fylka i om dei treng kjøpe bøker eller ei. Slik blir forlaga snart tvungne til å late vere å produsere visse bøker, særleg på nynorsk, men òg bøker på bokmål i visse fag. Overgang til meir bruk av digitale læremiddel kan bli ei løysing, men kan likså vél føre til einsretting og dårlegare fagleg kvalitet.

To språkmeldingar kom i vår; frå Kunnskapsdepartementet: Språk bygger broer. Språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og voksne, altså Stortingsmelding nr. 23 (2007-2008), og frå Kulturdepartementet: Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, Stortingsmelding nr. 35 (2007-2008).

I vår kom det protestar frå alle kantar mot avgangsprøva i norskfaget i ungdomsskulen. Føresetnaden for noverande ordning, med ein dags eksamen, var at det skulle kome nasjonale prøver i skriving. Det ville vege opp for presset på elevane til å vise meistring i båe målformene på kortast mogleg tid.

Skriveprøvene er i mellomtida avskaffa. Meldinga frå Kunnskapsdepartementet nemner ikkje problemet. Heller ikkje om ein bør gå bort frå trekkeksamen i sidemålet til avslutningseksamen i vidaregåande.

Den som stillteier, samtykkjer, heiter det. Regjeringa fører vidare den instrumentalistiske skulepolitikken til Kristin Clemet. Norskfaget er eit typisk tenkje-fag, likså mykje som eit ferdigheitsfag slik Clemet ville definere det. Når sjølv den raudgrøne regjeringa har gløymt dette, gløymer dei også kva plass refleksjon har i eit deltakardemokrati.

Eit hovudproblem i meldinga frå Kulturdepartementet er maktperspektivet, som er individualistisk og funksjonalistisk. Grunnbok for regjeringa er visst Rolv Mikkel Blakars gamle bok frå 1973, «Språk er makt», med sitt ein gong nyttige om enn moralistiske perspektiv på diskriminerande språkbruk.

Samstundes står Maktutgreiinga med bibelsk tyngde bakom grunnførestellinga om at alle sosiale aktørar strevar etter å oppnå mest mogleg utbytte for seg sjølve. Heilt i pakt med dette synet blir det lova meir pengar til dei fleste interessentar, så her er det berre å observere kven som posisjonerer seg og korleis.

Det er imponerande eller urovekkjande at Kulturdepartementet ikkje maktar å ta omsyn til stort av tenking og forsking som har vore gjort om språk, kommunikasjon og sosialisering her i landet dei siste 40 år, og som til dels har vakt oppsikt internasjonalt. Regjeringa finn tydelegvis liten bruk for storparten av humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking som blir påkosta her til lands. Eller i alle høve, dei gjer svært selektiv bruk av det som finst.

Vi manglar likevel mykje forsking på språk og kommunikasjon i næringslivet. Det har visst ikkje NHO tenkt å koste på seg, så der bør staten trø til. Språkbank skal vi få, det er fint. Og universiteta skal ta seg av norsk fagspråk - men korleis, når ikkje regjeringa endrar systemet for å premiere skriving på engelsk?

Båe stortingsmeldingane er skrivne av folk langt frå oljeindustrien og praktisk liv, som ikkje har merkt seg dei omfattande fylgjene av at Statoil har gått over til berre å bruke engelsk. Med fylgjer alle underleverandørar, kontrahentar, spedisjonsfirma, konsulentar, juristar, grafikarar, reklamebyrå, restauratørar, hotell som har det minste med «oljå» - og Hydro-eigde lakseoppdretteri - ågjere. Titusenvis av menneske slit no kvar dag med språkveksling i ein skala ingen før har drøymt om. Aldri har språkundertrykkinga vore så påtakeleg.

Språkmeldingane framstiller tilhøvet mellom stat og næringsliv på ein totalantikvert måte, blotta for tidhøvelege analysar av verknadene for utdanningssamfunnet. Når meldingane kjem innpå slike saker, luktar dei stramt pedagogisk-filologisk kritstøv.

Regjeringa kunne nytta høvet til å lage spennande nye perspektiv på eit samfunn med kommunikasjonstilhøve i rask endring. Den gong ei, sjansen gjekk tapt. Det samla inntrykket er av to tafatte departement som ikkje kan samtale med kvarandre om språkpolitikk.

Ja vel, prøv igjen. Start då med med å rydde opp i det som burde vere enkle problem for statsmakta å gjere noko med, nemleg å rette opp ein lemfeldig læremiddelpolitikk og dårlege eksamensordningar.

Powered by Labrador CMS