Debatt

Statleg styring

Kommunane er trøytte av å bli styrt utanfrå frå alle moglege instansar som skal overprøve det skjønnet kommunane gjer.

Kommunal Rapport handsama temaet statleg styring i utgåva 26. mai. Der går det fram at Regjeringa vurderer å innføre ein forvaltingsdomstol som skal avgjere tvistar mellom stat og kommune, slik både KS og forskarar foreslår.

Øystre Slidre kommune seier seg svært einig i ein slik tanke og vil grunngje kvifor. Kommunane er trøytte av å bli styrt utanfrå frå alle moglege instansar som skal overprøve det skjønnet kommunane gjer. Vår oppleving er at det ofte vert erstatta av eit anna skjønn, men like fullt eit skjønn, av fleire andre instansar. Det opplevast negativt og lite motiverande for kommunane å ta del i ein del av dei situasjonane der vi vert overprøvde.

Vi er sterkt kritiske til slik mekling fungerer i dag. Fylkeskommune, Statens vegvesen og Fylkesmann kan leggje ned motsegn på planar eller løysingar t.d. innan arealplanlegging. Likehandsaming av kommunane er ikkje lett å sjå i slike vurderingar, og sjølve meklinga må beskrivast som ein parodi. Fylkesmannen har formøte med eigne folk om den motsegna fylkesmannen har fremja. Fylkesmannen sit i meklingslokalet saman med eigne folk medan kommunen går ut for å drøfte kva punkt dei kan gje seg på. Fylkesmannen skal «tre ut av» eigen rolle som fylkesmann, men heile situasjonen er svært meiningslaus og lite truverdig. Om Riksmeklingsmannen hadde gjort det same, ville vi ikkje fått mange forlik i lønnsforhandlingane. Det må i mykje større grad vere vilje til å finne løysingar på saka der båe partar gir og får. Staten må også ta det ansvaret. Vi må nemne at det har vorte ein endring hjå fylkeskommunen når det gjeld å vere med i prosess og invitere til dialogmøte. Det er bra.

Vi vonar departementet finn betre løysingar på mekling mellom partar i framtida. Så lenge skjønn vert utført, er det grunn til at partane kan opptre meir likeverdig enn det som er tilfellet i dag.

Powered by Labrador CMS