Debatt

Små eller store kommunar - ja takk båe delar

Er dette rein ønskjetenking, eller er det slik som mange rikssynsarar for tida fastslår; at småkommunane ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv eller sine innbyggjarar.

Dagleg blir vi bombardera av meiningar om at småkommunane ikkje har livets rett. Generelle formuleringar som skjer alle under ein kam. I kjølvatnet av ei kvar ny reform kjem sterke meiningsytringar om at småkommunane ikkje er i stand til å ta på seg nye oppgåver. Superbyråkratar følgjer opp med sine fortolkingar av politisk vedtekne lover og forskrifter som  nesten gir dei argaste motstandarane av småkommunar rett. Argument som manglande kompetanse, vanskeleg å rekruttere ny og relevant fagkompetanse, for små fagmiljø osv. kjem som perler på ei snor. Dette syner at mangel på kjennskap til Kommune-Noreg og gjer at vi som ordførar og rådmann må reagere når det er nokon som framstiller det som «farleg» å bu i ein liten kommune.

Fyresdal kommune, som den minste kommunen i Telemark, kan dokumentere at vi gir gode tilbod. Kommune-barometeret, Kostra-tal, og dyktige tilsette syner tydeleg det. Dei ulike tilsyna vi har, viser og at det er lite å klandre kommunen for, både i rutinar og kvaliteten på dei oppgåvene vi har. Når vi i mange samanhengar høyrer om manglande rutinar på sjukeheimar eller heimsending av svært pleietrengande brukarar, ja så er det nettopp større kommunar det blir vist til. I små kommunar er det kort veg frå ordførar/rådmann til brukarar av våre tenestar. Det er oversiktleg, og tiltak blir sett inn raskt og tilpassa. Dette i nær dialog med brukarane, og  ein representant i eldrerådet til kommunen uttalar; Det er trygt og godt å bli gamal i Fyresdal.

Kvifor denne iveren etter å slå saman småkommunar når ei undersøking Direktoratet for forvaltning og IKT  har gjort i år syner at kommunar med færre enn 5.000 innbyggjarar er mest nøgde, og innbyggjarane i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim gjev dårlegast score på område som oppvekst, omsorg og eldreomsorg ?

Det er altså ikkje innbyggjarane i småkommunane som syter over for dårleg tenestetilbod, men andre som av ein eller annan grunn har gjort seg opp meiningar om at småkommunane ikkje held mål.

Fyresdal kommune kjenner seg ikkje att i denne kritikken og fryktar at stadig negative utsegn om småkommunane festar seg hos folk flest og etter kvart blir ei absolutt sanning.

Dei store reformene som Nav og samhandlingsreforma har ein tendens til å drukne i IKT-løysingar som ikkje fungerer for anten store eller små kommunar. Dette er ein utfordring som rammar alle og som bør ha stort fokus når ny samhandlingsreform skal innførast, langt meir enn om kommunane er små eller store.

Vi undrar oss når direktørane i Utdannings- og Helsedirektoratet foreslår samanslåing til kommunar på mellom 20.000 til 30.000 innbyggjarar. For å få dette til i Vest-Telemark må vi slå saman alle  dei seks kommunane og ha med oss både Hjartdal og Tinn for å nå opp i omlag 20.000 innbyggjarar. Kva for tenestetilbod ville dette gje?

Utan vesentlege endringar i busettingsmønsteret og danning av færre sentra med større skular, omsorgsenter, bibliotek, kulturhus, symjehallar osv. vil effekten bli liten utover at ein  kunne spare inn nokre administrative ressursar.

Med dei avstandane som ein slik region representerer kan vi ikkje sjå at slik samanslåing av småkommunar kan gjennomførast utan at ein bevisst har eit utstrakt ønskje om å byggje ned distrikta og flytte folk frå der dei bur og trivst. Er det det vi vil?

Det er for oss underleg at det ikkje er meir fokus på samanslåing av støre kommunar, som gjerne har eit oppland med tett busetting. Her er ikkje avstandane store, her er mange folk, store rasjonelle einingar kan byggast og ein får rask effekt ut av tiltak utan at det får dramatiske konsekvensar for  enkeltmenneskje.

Det er ei viktig politisk haldning som det har vore politisk semje om i hundre år, om å ta heile landet i bruk og la folk få bu der dei trivst. Ja, dette har sin pris, men kanskje denne prisen i det store samfunnsrekneskapen likevel er mindre å betale enn kva ei massiv nedlegging av distrikta vilvere.

Vi oppmodar difor alle, superbyråkratar, sentrale og lokale politikarar og tilsette til nå å ha meir fokus på å levere gode tenestar der folk bur. 

Powered by Labrador CMS