Debatt

Slapp å gje til dei gamle

Det skulle ekstrapengar og tidspress til for at Kommune-Norge endeleg ga ekstra pengar til idrett, kultur og vegar.

Publisert Sist oppdatert

Som vi skreiv på nyheitsplass i papirutgåva torsdag, syner tala for korleis pengane frå tiltakspakka vart nytta i kommunane at sektorar som elles ikkje når opp i budsjettdiskusjonane, vart dei store vinnarane.

Rett nok gjekk det mest pengar til skulebygg, men anna var ikkje å vente. Skulane tar om lag ein tredel av budsjettet i kommunane. Med dei utfordringane kommunane har med å halde skulebygningane ved like, vart mange tak tetta ved hjelp av ekstramilliardane.

Men det er heilt påfallande kor mykje pengar som har gått til tre sektorar som til saman vanlegvis får under 6 prosent av budsjettet. Av tiltakspakka fekk dei fem gonger så mykje pengar.

I Hordaland er faktisk idrettsanlegg den aktiviteten som har fått mest pengar. Idrettsdirektøren i Bergen var kjempeglad for at han hadde fått nokre millionar kroner til å ruste opp dårlege anlegg. Resultat: Fleire driv fysisk aktivitet i idrettslaga, og fleire gidd å stille som leiarar og medhjelparar. Effekten er mykje større enn dei kronene som vert nytta.

Det er særleg eldreomsorga som har sett lite til pengane som kom med tiltakspakka. Ei orsak er sjølvsagt at sjukeheimar er eit tiltak som i mange år har hatt gode statlege finansieringsordningar, og antakeleg er kvaliteten på sjukeheimane totalt sett langt betre enn på skulane. Ein rapport om offentleg vedlikehald, som vart lagt fram i byrjinga av mars, tilseier det same. Det var altså ikkje så naudsynt å løyve meir til dei gamle denne gongen.

Men kan det vere andre mekanismar som òg verkar inn her? Eg vil ikkje sjå bort i frå det. To faktorar står fram som viktige: Pengane kom for seint til å vere med i den vanlege budsjettdebatten, og det var strenge føringar om å nytte dei raskt. Det hasta. Dermed kom kommunane kan hende i ein situasjon der det var lite tid til å greie ut nye prosjekt. Det naturlege vart å ta dei planane ein allereie hadde. Og er det nokre sektorar som har laga planar som politikarane ikkje vil prioritere i kampen om dei siste budsjettkronene, så er det kan hende idrett, kultur og vegar.

I budsjettdebattane er det nærast ikkje mogleg å gjere noko som flyttar pengar frå eldreomsorg til andre sektorar. Ei årsak er at behova er store. Men med unnatak av skulenedleggingar er det heller ingen som får så mykje merksemd og støtte når løyvinga er trua, som dei gamle. Ein kommune må nærast vere i krise om han skal klare å kutte pengar innan eldreomsorg. Å flytte pengar frå gamle til vegar eller idrettsanlegg er umogleg. Det einaste ein kan hende kan få til, er nokre pengar til Den kulturelle spaserstokken.

Men no som pengane skulle nyttast raskt, og det ikkje var tale om å omprioritere men berre nytte nye pengar, var omsynet til dei gamle og deira talspersonar noko rådmenn og politikarar ikkje trengte å bry seg om. Dei kunne heller gje pengane til det dei alltid har hatt dårleg samvit for. Ingen høyrer på idrettsleiarar som vil ha meir pengar til kunstgras, eller på ingeniørar i kommunen som gjerne vil ha meir pengar til asfalt.

Vi skjønar alle kvifor det vert slik, men er det rett? Ein ting kan vi seie: Kulturen, idretten og bilistane skal vere glade for finanskrisa. Utan den hadde pengane frå tiltakspakka aldri nådd fram til dei gløymde sektorane.

Powered by Labrador CMS