Debatt

Selskap må styrast

Som alt anna, må eit kommunalt selskap styrast. Viktige endringar i lova er kravet om fleire kvinner i styreromma, og ikkje minst vert habilitetsreglane endra frå 1. november. Då vil styremedlemmene i dei kommunale selskapa automatisk vere inhabile når saker om selskapet kjem til kommunen.

I denne avisa skriv vi om Rælingen, som er ein av eigarane til selskapa involvert i ein av dei største skandalane nokosinne i Kommune-Norge. No driv dei langt meir gjennomtenkt, utan dobbeltroller og med to personar på alle eigarmøte.

Å styre dei kommunale selskapa handlar om mykje meir enn til dømes å krevje eit utbytte. Alt før ein skipar eit nytt føretak eller selskap, må ein tenkje nøye igjennom kva organisasjonsform som tener innbyggjarane. Sjølv med dei nye lovendringane som Kommunaldepartementet la fram sist fredag, vil det vere stor skilnad på innsyn i eit kommunalt føretak og eit kommunalt eigd aksjeselskap.

Det er bra at ein slår fast at revisor og kontrollutval skal ha innsyn i kommunale selskap, men møteoffentlegheita er framleis avgrensa til føretak. Framleis er det mogleg å organisere seg bort frå innsyn. Det er ikkje bra, men ein god selskapskontroll kan sikre at både dei folkevalde og veljarane får vite mest mogleg om styringa i dei kommunale selskapa. Her ligg gjerne store verdiar som skal forvaltast, og eigarkontrollen må vere langt meir omfattande enn han er i dag. Kan hende kan mange lære noko av Rælingen, som sjølv har lært av eigne feil.

Kommunaldepartementet vil ikkje greie ut i detalj kva som skal liggje i selskapskontrollen som skal utøvast. Det trur vi er rett avgjerd, sidan kommunane har vidt forskjellige måtar å organisere sine selskap på.

Samstundes legg dette framleis eit stort ansvar på kontrollutvalet, som skal drive selskapskontrollen. I kontrollutvalet treng ein difor sterke og gode politikarar. Eit tiltak for å sikre det, er å velje kontrollutval samstundes med formannskapet. Departementet føreslår dette nå, men endringa kjem ikkje i tide til valet. Det er beklageleg. Vi håpar kommunestyra likevel nyttar dei komande reglane, når dei skal konstituere seg til hausten. Her er ingen grunn til å vente i fire år.

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS