Debatt
Satsar på lærarane
I Kommunal Rapport nr. 42/07 har Randi Reese fleire interessante innspel om korleis norsk skule kan bli enda betre. Ho nemner mellom anna dei utfordringane som er knytte til elevar med spesielle behov, og spør om skulen maktar å gi alle elevar eit likeverdig tilbod uavhengig av sosial klasse.
Skulen skal først og fremst vere ein stad for læring. I den siste tida har vi fått fleire undersøkingar som viser at vi må satse meir på gunnleggjande dugleikar som lesing og rekning. Skal elevane våre bli betre, må vi ha dyktige lærarar som vi gir tillit og ansvar for den læringa som elevane skal få.
Reese har eit sers viktig poeng når ho peiker på at mange lærarar har for lita tid i kvardagen sin til å hjelpe alle elevane ut frå den ståstaden dei har. Ho ønskjer mellom anna å få nye yrkesgrupper som barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar inn i skulen slik at dei kan avlaste læraren.
Eg er einig i at desse fagfolka har viktig kompetanse som det er bruk for. Men det er viktig å sjå på heilskapen. Eit godt lokalsamfunn fungerer best dersom det har ein heilskapleg plan for oppvekstfeltet.
Det er ein føresetnad at det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet i kommunar fungerer effektivt og godt. Berre på den måten kan skulen få del i den kompetansen som dei profesjonsgruppene som eg nett nemnde, har. Dei kommunane som er komne lengst med å førebyggje, har som regel ei politisk og administrativ leiing med eit sterkt engasjement. Arbeidet bør ha si forankring i det kommunale, overordna planverket. Kommunane må derfor ha ei heilskapleg tilnærming der ulike grupper av fagfolk spelar på lag, og ikkje nøye seg med ein strategi for rusproblem, ein annan for ungdom som kjem i kontakt med kriminalitet og så bortetter.
Eg vil likevel streke under at vi no satsar på å auke den sosialfaglege kompetansen i skulen, som Reese etterlyser i innlegget sitt. Eg viser i denne samanhengen til arbeidet vårt med å dele rettleiingstenesta i ein sosialpedagogisk del og ein utdannings- og yrkesrettleiande del. Dette gjer vi for å sikre at begge slaga av rådgivingsarbeidet får god kvalitet. Det er viktig at det sosialpedagogiske rettleiingsarbeidet blir sett i samanheng, og at det blir klart og tydeleg at rettleiing ofte må gjerast i samarbeid med andre instansar, t.d. PTT, helsetenesta eller oppfølgingstenesta.
Det er ingen lovfesta krav til rådgivarar. Med forslaget til rettleiande kompetansekrav vil vi likevel signalisere at vi har klare tankar til kva ein rådgivar bør kunne, og at det blir kravt ulike kompetansar for ein yrkes- og utdanningsrettleiar og for ein sosialpedagogisk rådgivar. Desse krava vil vere med på å profesjonalisere rådgivarjobben.
Til slutt ønskjer eg å peike på eit nytt tiltak som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet no set i verk. Det vil bli tilsett minoritetsrådgivarar som skal arbeide ved vidaregåande skular som har mange minoritetsspråklege elevar. Desse rådgivarane kjem til å vere del av team som skal arbeide med førebyggjande tiltak innanfor vidaregåande opplæring. Arbeidet skal vere både individ- og systemretta med individuell oppfølging i skulesituasjonen og med etablering av avtaler med aktuelle avtalepartnarar. Hovudoppgåvene vil mellom anna vere å gjennomføre aktuelle tiltak som fører til at fleire elevar fullfører og får eksamen frå vidaregåande opplæring, å etablere gode samarbeidsrutinar internt på skulen og med andre samarbeidspartnarar, og å medverke til å byggje opp og formidle kompetanse om tvangsekteskap, utdanning og arbeid.
Eg trur at dei tiltaka som er nemnde her, kan gi perspektiv og tverrfagleg kompetanse som vil gjere den norske skulen enda betre.