Debatt

Sats på regionale sentra!

Veksten i kompetansearbeidsplassar skjer først og fremst i sentrale strøk. Dette skapar regional ubalanse. Det er på tide med tiltak for å snu utviklinga!

Min første kompetansearbeidsplass var som lærar i Eksingedalen i Hordaland i 1968. Som ung artianar utan lærarutdanning fortente eg vel ikkje å kome i denne kategorien. Men etter universitetsutdanning har eg seinare fylt kompetansearbeidsplassar både i bygder, regionsentra og byar i Norge – på Hamar, i Leikanger, i Sogndal og i Bergen.

Som så mange andre med høgare utdanning, flytta eg tidleg ut – og har seinare flytta fleire gongar. Dette fenomenet finn vi overalt i Norge. Problemet er at dei fleste flyttar til kompetansearbeidsplassar i sentrale strøk. Og når det nettopp er slike arbeidsplassar som veks, skapar dette ubalanse i den regionale utviklinga.

Det såkalla Kompetansearbeidsplassutvalet la nyleg fram si innstilling for Kommunal- og regionalministaren – med heile 23 konkrete forslag til tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar vert spreidd i heile landet (NOU 2011:3). Eg var så heldig å få vere med i dette utvalet.

Det er ei dramatisk utvikling som dannar bakgrunnen for arbeidet: Det er kompetanseintensive næringar som veks i Norge – dobbelt så mykje som andre næringar siste ti åra (32 % vs. 15 %). Men denne veksten har først og fremst komt byane til gode. Mindre sentrale regionar har ikkje fått tatt del i utviklinga anna enn ved at ungdomane med høgare utdanning flyttar frå distriktet og inn til byane. Det er nemleg dei unge med høgare utdanning som først og fremst flyttar – og dei flyttar dit kompetansearbeidsplassane veks. Slik oppstår det ein farleg ubalanse i heile landet. I løpet av dei siste 20 åra har hovedstadsregionen og storbyregionane hatt ein folketalsvekst på over 25 prosent, medan tettstadregionar og spreittbygde regionar har hatt ein nedgang på 5 og 13 prosent.

Derfor kan vi ikkje la vekstmønsteret for kompetansearbeidsplassar fortsette som no!

Kompetansearbeidsplassar er ei dominerande drivkraft for vekst. Ein balansert regional vekst kan aldri kunne realiserast med mindre kompetansearbeidsplassar blir skapt og rekruttert til over heile landet. Kompetansearbeidsplassutvalet meiner bestemt at denne utviklinga kan endrast, og at ei meir regional balansert utvikling vil gi vesentlege samfunnsøkonomiske gevinstar. Men – det krev ein betydeleg og målretta innsats.

Nettopp fordi kompetansearbeidsplassar er ei så sterk drivkraft, må tiltaka vere kraftfulle. Dette blir det viktigaste innsatsområdet i distrikts- og regionalpolitikken i åra framover. Utan sterke tiltak, vil den regionale ubalansen auke kraftig.

Det er ikkje realistisk å satse på kompetansearbeidsplassar i kvar bygd. For å kunne rekruttere til og utvikle nye kompetansearbeidsplassar, krevst det attraktive bu- og arbeidsregionar av ein viss storleik. Derfor ønskjer utvalet å satse på regionale sentra. Her er føresetnadene best for å lykkast.

Kompetansearbeidsplassar i regionale sentra vil også gi positive effektar for omkringliggande kommunar. Eit godt døme på det finn ein i Sogndalsregionen. Regionsenteret Sogndal og nabokommunen Leikanger har mange kompetansearbeidsplassar. Mange av dei som fyller desse jobbane bur i nabokommunane Balestrand, Vik, Luster, Lærdal og Årdal. Samla skapar dette ein dynamisk bu- og arbeidsregion og gir tilflytting og tilbakeflytting av personar med høgare utdanning til både tettstader og utkantbygder i regionen. Og det gir eit godt grunnlag for rekruttering til kompetansearbeidsplassane.

Kompetansearbeidsplassutvalet foreslår 23 tiltak fordelt på ulike innsatsområde. Eit av desse er infrastruktur. God infrastruktur er viktig forå oppnå regionforstørring og skape dynamiske bu- og arbeidsregionar. Derfor foreslår utvalet tung satsing på utbygging av infrastruktur som nettopp har dette som målsetting. Alt i Nasjonal Transportplan for 2014–2023 bør det etablerast konkrete etappemål for å fremje slik utvikling av robuste bu- og arbeidsregionar. Samtidig må satsinga på utbygging av høghastighets breiband over heile landet styrkast kraftig.

Nye, statlege arbeidsplassar vil vere eit viktig bidrag til å styrke utvikling av robuste og meir mangfoldig arbeidsmarknader. Staten har eit særleg ansvar for å sikre ei betre spreiing av kompetansearbeidsplassar, og må no vise vilje til å bidra.

Det er også eit stort potensial for å utlokalisere ulike funksjonar innan eksisterande statleg verksemd. Derfor må det tilretteleggast for slik utlokalisering – og etablerast insentiver som stimulerer til dette. Det må også tilretteleggast for fjernarbeid og stadsuavhengige statlege arbeidsplassar.

Fordi utviklinga av kompetansearbeidsplassar er så avgjerande for den regionale utviklinga, foreslår utvalet at vesentlege delar av ressursane innan distrikts- og regionalpolitikken må spissast inn mot dette innsatsområdet og realisering av dei 23 tiltaka. Men det er ikkje nok. Fordi dette er så viktig, foreslår utvalet også å omprioritere noko av midlane som i dag går til pendlarfrådrag, differensierte arbeidsgjevaravgift og landbruksstøtte. Slikt blir det nok debatt av. Men det er ein viktig debatt: Skal vi la kompetansearbeidsplassar vere drivkraft for aukande regional ubalanse – eller drivkraft for vekst i heile landet?

Powered by Labrador CMS