Debatt
Rett vest etter Sørheim?
Det er klart for nye endringar av inntektssystemet for kommunane. Verknaden etter forrige runde (Rattsø) er fullt innført frå og med 2007. Spreiddbygde kommunar med lågt folketal, som tapte mest i forrige runde, slit no verkeleg hardt både med økonomien og folketalet.
Både Borgeutvalet (2005) og Sørheimutvalet (2007) har levert rapportar med mykje godt prinsipielt tankegods i. Det er diverre berre Sørheimutvalet sin rapport som er på høyring no. Tilrådinga går enkelt sagt ut på at dei fleste kommunane vinn litt, medan dei med lågast folketal, Rattsø-taparane og skattesterke kommunar tapar. Skattesterke kommunar skal framleis kunne gje eit betre tilbod enn dei skattesvake, men i litt mindre grad enn dei siste åra.
Stortinget har fram til i dag har sagt at dei meiner at eit rettferdig inntektssystem er eit system som gjer at kommunane kan gje likeverdige tenester over heile landet. Eit slikt system krev i ytste konsekvens full utjamning av alle inntekter etter ein korrekt kostnadsnøkkel, i høve til kva lovpålagte tenester ein kommune skal tilby.
Me kjem nok aldri så langt. Alle kommunar ynskjer høgare inntekter, og det let seg heller ikkje gjere å finne fram til ein heilt omforeint, objektiv kostnadsnøkkel. Men det er ikkje vanskeleg å gje skattesvake og spreiddbygde kommunar med lågt folketal og høgt utgiftsbehov, som no ser ut til å måtte rasere tenestetilbodet sitt utifrå eit frå før særs nøkternt nivå, ein sjanse til å gje likeverdige tenester.
Det er fleire gode og fagleg haldbare måtar å gjere dette på, og desse bør gjerne kombinerast. Ein av måtane er å auke basistilskotet i utgiftsutjamninga til eit meir realistisk nivå, utifrå normative minstekrav til eit kommuneapparat. Inndekking av dette kan til dømes skje ved å redusere tilskotet for kommunar som ligg så tett at det å vere eigen kommune må reknast som ein frivillig kostnad.
Ein annan måte er å auke vekta til spreiddbygdkriteria i utgiftsutjamninga til eit meir realistisk nivå. Borgeutvalet la til grunn at utgiftsulemper som ikkje kan dokumenterast gjennom analyser av kva utgiftsnivå kommunane faktisk har hatt innafor ulike tenester, ikkje skal telje i utgiftsutjamninga.
Er dette ein god slutning? Nei, fordi ein kommune ikkje samla sett kan bruke meir midlar enn han har. Om det då er slik at det t.d. er avstandsulemper både innafor skuledrift, slik ein har rekna til no, og pleie- og helsesektoren, som Borgeutvalet finn, kan spreiddbygde kommunar likevel ikkje bruke meir midlar innafor desse to «tunge» sektorane samla enn det er inntekter til. Dei som prøver dette, hamnar i ROBEK. Normative modeller som m.a. er baserte på kva reiseavstandar til kommunale tenester som er akseptable, bør difor i større grad liggje til grunn for kostnadsnøkkelen.
Analyser av faktisk forbruk kan sjølvsagt nyttast til å kontrollere desse normative modellane, men då må føresetnadene vere rette. Fram til dette er gjennomført, bør i alle fall spreiddbygdfaktoren innafor utgiftsutjamninga for skule haldast vesentleg høgare enn Borgeutvalet tilrår, sjølv om klassedelingsreglane er modifiserte.
Mange argumenterer hardt for at det er viktig at inntektssystemet gjev kommunane insentiv til å innrette seg på ein måte som gagnar storsamfunnet, særskilt når det gjeld kommunestruktur og næringsutvikling. Gradert basistilskot utifrå avstand til næraste kommunesenter, burde vere eit godt verkemiddel for å hindre uønskt mange kommunar innafor eit lite geografisk område.
For dei sentrale kommunane som er engstelege for å misse insentiv og midlar til næringsutvikling med meir inntektsutjamning, kan kanskje eigedomsskatt vere eit aktuelt verkemiddel å vurdere?
Det skal ikkje så mykje omfordeling til for å skape levelege vilkår for skattesvake kommunar med lågt folketal i framtida. Folketalet i desse kommunane utgjer forsvinnande lite i nasjonal målestokk. Om målet om likeverdige tenester i heile landet framleis skal stå ved lag, er det for skattesvake, spreiddbygde kommunar med lågt folketal heilt påkravd at inntektssystemet no vert endra på ein måte som tek meir omsyn til reelt utgiftsbehov. Så får vi etterpåkjempe samla i Kommune-Noreg for at inntektsramma skal stå meir i samsvar med dei forventningane samfunnet har til sektoren!