Debatt
Oppgjerets time
Valet er over, men ikkje valkampen. Slitne valkampmedarbeidarar har fått ein liten pustepause, men snart melder alvoret seg med full tyngde att: Kven får skulda for det som gjekk gale?
Valets taparar nøyer seg ikkje med å sleikje såra. I tida som kjem vil mange av dei starte eit systematisk arbeid for å vurdere eigeninnsatsen dei siste hektiske vekene før dei trulause veljarane avsa dommen.
Har det gått verkeleg gale, set dei ned ein gjenreisingskomité eller granskingskommisjon. Fakta skal på bordet. Kvifor? Jau, truleg av di ein har ei formeining om at partiet er sikra suksess ved neste krossveg, om det maktar å lære av eigne feil.
Så vidt eg kjenner til, finst det ingen som systematisk har studert den sjølvransakande evna til partia nasjonalt og lokalt. Eg vågar likevel påstanden at evna er heller skral. Dei som presterer langt under pari fell påfallande ofte ned på følgjande hovudforklaring: Vi hadde eit formidlingsproblem. Vi nådde ikkje gjennom til veljarane med bodskapen vår. Hadde vi gjort dét, hadde det heile gått så mykje betre!
Anten det er innleigde konsulentar eller partiets eigne folk som står for evalueringa, er vanskane partiet hadde med å «nå ut» ei langt meir kjærkomen forklaring enn alle tenkjelege alternativ. At kommunikasjonsrådgjevarar med næringsvit er forplikta til å peike på behovet for å styrke formidlinga, seier seg sjølv. Ein har då næringsvit!
Men også partiets eigne folk er opptenke av å framstille skuldspørsmålet slik at all intern kritikk i etterkant vil verke heilt urimeleg. Skamkjensla tilseier rett nok at ein trekkjer fram forklaringar som uttrykkjer ein viss grad av sjølvkritikk; som at dei gjorde taktiske feildisposisjonar eller bomma på opinionen i val av hjartesaker. Men sjølvkritikken lyt ikkje verte for stor, for då kan det tenkjast at einkvan lyt stå til ansvar.
Det kjekke med formidlingsproblem som forklaring, er framfor alt at ein kan peike på media som den eigentlege skuldige. For journalistar er noko styggedom. Dei set sin eigen dagsorden og stiller andre spørsmål enn dei partiets kandidatar aller helst ynskjer å svare på.
- Media var berre opptekne av rikspolitikarane, dei tagde oss i hel, dei gav eit forvrengt bilete av politikken vår! Det var difor vi ikkje nådde fram til veljarane!
Ja, når alt kjem til alt, er det ikkje ein kombinasjon av journalistisk forfall, aukande sentralisering og tiltakande politisk apati som er grunnen til at partiet gjekk så klårt tilbake?
Når valets taparar no skal setje seg ned for å finne ut kva det var som gjekk gale, tenk kor forfriskande det ville vere om vi fekk høyre noko heilt nytt? Tenk om vi slapp alt prat om manglande evne til å nå gjennom til veljarane? For å hjelpe alle landets granskingskommisjonar, kjem eg her med fire alternative forklaringar:
Alternativ 1: Politikken vår stinkar, og vi klarte ikkje å lure veljarane til å tru noko anna.
Med fyrste augekast verkar det ikkje så tiltalande å falle ned på ein slik konklusjon. Og det skal eg gjerne vedgå, dette er nådelaust ærleg, langt over grensa til det sjølvutslettande.
Men det positive er at det ikkje er noko som helst i vegen med formidlinga: Veljarane har forstått (les: gjennomskoda) partiets bodskap. Kanskje kan konklusjonen òg motivere partiets medarbeidarar til å bruke kreftene sine på samfunnsnyttig innsats, i staden for å gje seg ut på ein ny valkamp?
Alternativ 2: Politikken vår har brei oppslutnad, vi nådde brukbart ut, men sidan toppkandidatane våre er evneveike/kriminelle/utan folkeleg appell (eventuelt kombinasjonen av fleire), gjekk det ikkje særleg bra.
Kanskje er også ein slik konklusjon litt for ærleg. Men føremonen er at partiet på ein lettvint måte kan skape inntrykk av handlekraft ved å vrake dei udugelege kandidatane ved neste nominasjon. Så kan ein berre krysse fingrar og lite på at veljarane ikkje stiller usakelege spørsmål, som: At ein slik kandidat i heile tatt slapp til, kva seier det om dømekrafta til partiet?Alternativ 3: Vi har ikkje peiling på kva det var som gjekk gale. Ja, kvifor ikkje kapitulere, rett og slett?
Denne forklaringa er perfekt for dei med endringsvegring, sidan den ikkje peikar på noko som helst som kan gjerast annleis. Så då er det same procedure as last election: å famle i blinde etter «vinnarsaka», nominere kandidatar som vonleg ikkje vert ålment hata, trykkje opp glorete brosjyrar, stå på stand og setje si lit til høgare makter og folkedjupet.
Alternativ 4: Politikken vår er glitrande, vi fekk fram bodskapen, men veljarane er idiotar og røystar på idiotparti.
Dette er min personlege favorittanalyse; offensiv og herleg politisk ukorrekt. Partiets politikk er perler for svin, og når dei andre vann, har veljarane ikkje fortent noko betre.
Ulempa er at ingen av dei logiske handlingsvala på grunnlag av ein slik kynisk analyse verkar særleg attraktive. Det mest opplagte er å arbeide for diktatur og å ta over makta sjølv. Men det har vore prøvd før, utan særleg hell, iallfall på lang sikt.