Debatt

Samling om og for eit sterkt og stadig meir vel utvikla folkestyre er ein av KS sin aller viktigaste oppgåver, og etter landstinget bør KS løfte denne fanen endå høgare, skriv Jørund Ruud. Foto: Vegard Venli
Samling om og for eit sterkt og stadig meir vel utvikla folkestyre er ein av KS sin aller viktigaste oppgåver, og etter landstinget bør KS løfte denne fanen endå høgare, skriv Jørund Ruud. Foto: Vegard Venli

Om folkestyre, makt og mynde i KS

KS er ein svært aktiv forsvarar både av generalistkommune-prinsippet og moglegheitene til politisk mangfald i kommunal sektor.

Publisert Sist oppdatert

Det skal vera mogleg å drive ulik politikk i små og store kommunar.

Interessante saker om KS si rolle politisk og reelt i Kommunal Rapport denne gongen – både kommentaren åt Aslak Bonde og intervjuet med han og Andreas Hompland innbyr til refleksjon. Eg nøyer meg med ein.

Ei side ved KS si rolle er underkommunisert i desse to sakene – kanskje av di KS heller ikkje er tydelege og profilerte nok her.

KS er ein aktiv og svært medviten forsvarar av det lokale folkestyret, som igjen er fundamentet for at det nasjonale folkestyret skal kunne fungere maksimalt og ha høg tillit og truverd i folket. Det er eit uttrykk for dette at ordføraren som institusjon – uavhengig av partifarge – er mellom dei samfunnsaktørane som har den aller høgaste tilliten i opinionen. Folk flest stolar på sine lokale folkevalde. KS ivrar sterkt for å bygge opp under samfunnstillit og samfunnsansvar.

Gjennom dette er KS også ein påliteleg forsvarar og forkjempar for mangfaldet i landet. Det skal vera mogleg å drive ulik politikk i små og store kommunar. Det er naturleg med forskjell mellom sør og nord, mellom land og by, kyst, innland og høgfjell. Ja, ikkje berre skal det vera mogleg, det er nødvendig å kunne føre ulik politikk for å sikre det likeverdet i tenestetilbod som innbuarane etter KS si meining har krav på.

KS er ein svært aktiv forsvarar både av generalistkommuneprinsippet og moglegheitene til politisk mangfald i kommunal sektor. Kanskje eit paradoks, men eit nødvendig og politisk svært viktig paradoks.

Som hovudstyremedlem er underskrivne medansvarleg for at denne umåteleg viktige sida av KS sitt samla arbeid kanskje ikkje er breitt nok kjent og respektert. Men i debatten fram mot landstinget bør det vera understreka med brei penn, dette som etter mitt syn er mellom KS sine aller viktigaste oppgåver og forpliktingar: Samling om og for eit sterkt og stadig meir vel utvikla folkestyre. Og etter landstinget, då bør KS løfte denne fanen endå høgare i det offentlege rommet.

Powered by Labrador CMS