Debatt

Om etikk og daglegliv

I essayet «Etikken og dagleglivet sin moral» gjer Hans Skjervheim greie for eit menneskesyn som har vore vanleg, nemleg at mennesket i sitt vesen er dualistisk.

Denne dualismen har vorte fortolka og utlagd på ulike måtar. Platon skil mellom eit liv i innsikt og eit liv i hola, der ein berre ser skuggar av det verkelege. Kant skil mellom Sinnlichkeit og Vernunft, og Aristoteles set eit liv i samsvar med fornufta i motsetnad til eit lastefullt liv utan samsvar med fornufta.

Kor vidt Gro Harlem Brundtland har eit medvite tilhøve til desse sakskompleksa, er uvisst. Ho står i alle høve fram som eit levande døme på at dualismen eksisterar. Som sokalla landsmoder slo ho eit slag for skattemoral og fellesskap. Pressa har ved fleire høve avslørt at hennar eige liv ikkje samsvarar med dette.

At enkeltpersonar kan trå feil, er ikkje uvanleg. Men i ein rettsstat skal kontroll- og tilsynsorgan sjå til at lova er lik for alle.

Kommunal Rapport avdekka i sommar det dei kalla uverdige tilhøve i Ulvik. Dei uverdige tilhøva fekk utvikla seg avdi Kommunaldepartementet, ifølgje jusprofessor Henning Jakhelln, ikkje gjorde jobben sin.

I Terra-saka viser det seg at Kommunaldepartementet har gjeve klarsignal til investeringar som er i strid med kommunelova, og som påfører kommunane det gjeld store tap.

Kommunaldepartementet har i seinare tid gjort etikkarbeid til ei fanesak.

At det er lite samsvar mellom teori og praksis hjå Gro Harlem Brundtland, er naturlegvis ille. Det er likevel dobbelt ille når eit statleg forvaltningsorgan som Kommunaldepartementet legg for dagen same ukulturen.

Dersom departementet har tenkt å pusla vidare med etikkarbeid, vil eg rå dei i fyrste omgang å setja søkjeljoset på eigen ukultur.

Skrevet av: Lars-Helge Ljone

Powered by Labrador CMS