Debatt

Offentlege resultat

Nesten like mange som har gått på skulen, meiner noko om dei nasjonale prøvene vi nett har fått årets resultat frå. Helga Hjetland i Utdanningsforbundet seier til Dagsavisen at det er «uforståeleg å lage ligatabellar i verksemder som har med barn å gjere».

Aftenposten skriv på leiarplass at «enkeltskolers målbevisste satsing og sterk lærerinnsats har gitt gledelige resultater».

Slik får mange tilgang på info og meiningar om prøvene. Dagbladet rangerte best og verst i Skule-Noreg. Og slik kunne mange den siste veka plassere sin skule i høve til andre. Det var lettare enn å gå inn på heimesidene til Utdanningsdirektoratet for å få resultata.

Her får ein melding om at tala for kvar skule er unnateke det offentlege - sjølv om dei etter lova er offentlege. For direktoratet vil unngå rangering av den enkelte skule. Det får den konsekvensen at ressurssterke aviser gjer jobben, mens foreldre og andre interesserte, står i fare for å droppe det heile når dei må sende eit kravbrev om innsyn til direktoratet for å få resultata.

Det er synd. Det har ein god demokratisk verdi å vere open. Offentleggjering av dei nasjonale prøveresultata er viktig fordi det gjev oss ei retning på kva kvar skule har å jobbe med for å gje eit betre utdanningstilbod. Til alle. Dei nasjonale prøvene er eitt av fleire redskap for å nå eit viktig mål. Det er ei sak som angår fleire enn skuleleiar, skuleeigar og lærarar, som kan få resultata på skulenivå via særskilt tilrettelagte system.

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS