Debatt
Nytenking i eldreomsorga
Det er utan tvil behov for nytenking innan eldreomsorga i landet vårt.
Mykje bra arbeid blir avgjort utført. Men, blir brukaren sine ønskjemål sett i høgsetet i ønskjeleg grad? Eg vil tru vi her er inne på eit område kor det framleis finst mykje «upløyd mark», for å seie det slik.
Den danske kommunen Fredericia, med sine 50.000 innbyggjarar, synest å ha fått til mykje positivt nytt. Kommunen er m.a. prisa for eldreomsorga si. «Lengst mogleg i eige liv», heiter modellen som inneber stor satsing på førebygging og rehabilitering. Målsettinga er at eldre og andre med pleiebehov skal bli i stand til å klare kvardagen.
Ifølgje Nationen av 20.05.11 starta prosjektet med dystre framtidsutsikter. Kommuneøkonomien i Fredericia ville bli strammare samstundes som det ville bli fleire eldre. Ei tredje utfordring var at store generasjonar tilsette var i ferd med å nå pensjonsalderen.
«Vi ville utvikle oss ut av situasjonen i staden for å spare oss ut av den», sa rehabiliteringssjefen i kommunen, Louise Thule Christensen.
Vekeavisa MandagMorgen skreiv i veke 20 i år at Fredericia har spara 15 millionar kroner på omlegginga.
Det er ei kjend sak at dei fleste eldre her til lands ønskjer å bu i sine eigne heimar så lenge det let seg gjere. Denne tankegangen er tydelegvis ganske vanleg i grannelandet Danmark også. Då Fredericia skulle finne nye måtar å drive eldreomsorg på, tok dei utgangspunkt i undersøkingar som viste at eldre menneske helst ville klare seg sjølve. Ut ifrå nemnde faktum la dei opp arbeidet. Rehabiliteringssjefen uttala, ifølgje Nationen, at det også handlar om korleis eldreomsorga sine tilsette ser på eldre menneske, og sa vidare: «Eldre menneske er ingen eigen kategori menneske. Der er berre menneske med fleire år på baken enn andre menneske. Det handlar også om å ikkje sjå dei eldre som sarte, svake og skrøpelege med behov for hjelp. Dei fleste eldre har ressursar, og vi har blitt gode til å sjå dei ressursane. Og så bygg vi vidare på det». Det høyrer med til opplegget at alt samarbeidet skjer etter grundige samtalar med innbyggjaren det er snakk om. Det er og innbyggjaren som fastsett kva som skal vere målet.
Dette må vel vere eldreomsorg på sitt beste. Her blir verkeleg brukaren sett i fokus! Vi har sikkert mykje å lære av desse danskane på dette feltet.
Samhandlingsreforma skal innførast med verknad frå 01.01.12. Planlegging og førebuing har gått føre seg i lang tid rundt om i kommunane. Alle er ikkje komne like langt og tida tek etter kvart til å bli noko knapp. Reforma er omfattande, og handlar mellom anna om førebygging gjennom heile livsløpet. Det er viktig at dei som er i siste fasen i livsløpet ikkje blir nedprioriterte, noko som lett kan skje når kommunebudsjetta blir tronge. Vidare handlar reforma om at kommunane vil få meir ansvar for pasientane og den handlar heilt konkret om kva ein kan få hjelp til lokalt i staden for heile tida å måtte oppsøkje sjukehus. Det er viktig at det blir satsa på førebygging og rehabilitering når det gjeld dei eldre. Røynslene frå
Danmark viser at det til og med kan løne seg reint økonomisk. Så da skulle det vel ikkje vere noko å vente med. Det er berre å følgje opp, om det ikkje allereie er gjort!