Debatt
Når vi skaper debatt
Det er da journalistikken er best, når vi skaper debatt. Kommunal Rapport er ei ubunden avis. Vi skal sjølvsagt drive kritisk undersøkjande journalistikk. Nisja er det kommunale, og eigaren vår, KS, vil som andre bli sett søkjelys på.
Som ny redaktør fell det meg lett å gjennomføre dette, slik eg som redaktør og redaksjonell medarbeidar har gjort det i Nationen, NTB, Adresseavisen, Arbeideravisa og Vest-Telemark Blad tidlegare.
Som lesar skal du vite at vi vil følgje Kommune-Noreg tett og avsløre kritikkverdige forhold. Vi vil setje dagsorden og drive fram diskusjonar om korleis kommunale verksemder løyser oppgåvene sine. Vi skal formidle stoff frå heile landet på ein begripeleg og interessevekkjande måte. Dessutan ser vi det som viktig å inspirere ved å lyfte fram gode døme. Å våge å more skal vi og.
Men skal det skje på nynorsk? Det ville avisa til Landssamanslutninga for nynorskkommunar ha svar på straks eg var tilsett som sjefredaktør. Det er eit godt spørsmål.
Eg meiner det er heilt naturleg å veksle mellom nynorsk og bokmål i heile Kommune-Noreg si avis. Eg bruker begge målformene sjølv, og eg vil leggje til rette for meir nynorsk i spaltene. Språkbruken bidreg til nærleik mellom lesaren og stoffet, og bør varierast.
Både når det gjeld val av målform og medium, seier eg som Ole Brumm: Ja, takk. Nynorsk og bokmål, nett og papirutgåve med nyhende på kvar sitt særeigne vis er ei skjønn forening.
Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa drog parallellen til at kvar kommune, sågar kvar krins må få avgjere språknorm sjølv, då ho nett droppa å presse regionreforma på dei som ikkje ville.
Tvang ovanfrå er langt frå beste måten å gå fram på, anten det gjeld regionar eller val av målform. Det har kommunalministaren rett i. Ein må leggje til rette for å nå dei måla ein vil nå.
Med nynorsken har statsråden lagt eit godt grunnlag for at det skal vere liv laga for målet. Det har ho gjort ved å kommunisere den klare haldninga si, og ved aktiv bruk av nynorsk i departementet. Det er bra.
For regionreforma er det for seint. No er tida inne for å gje fylka og kommunane fruktbare utfordringar - og pengeoverføringar som står i stil til oppgåvene.
Du les ikkje av plikt, men av lyst. Det veit eg. Difor skal vi i Kommunal Rapport levere så god, vesentleg og nyttig journalistikk - og debatt - at du stadig finn grunn til å sjekke oss på nett, i tillegg til å bruke meir tid på papirutgåva mot slutten av veka. Eg er oppteken av korleis nettmediet og kan styrke demokratiet, og ser fram til fleire og fleire lesarbidrag i takt med at vi utviklar avisa. Det gjeld like mykje umiddelbare synspunkt som tips om saker, personar og verksemder vi bør sjå nærare på. Og kan hende sit du ein dag på vesentleg dokumentasjon til ei sak, som til dømes bilete som har offentleg interesse.
Å engasjere er grunnleggjande for meg som journalist. Eg er oppteken av journalistikk som drivkraft i samfunnsdebatten og eg ser fram til å kommunisere med deg - uansett målform og medium.