Debatt

Når taparane vinn

Det er aldri kjekt å ta pengar frå ein kommune, uansett kor rett det måtte vere. Men eit særleg tapartilskot er kanskje å gå for langt.

Publisert Sist oppdatert

Sist veke la kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) fram kommuneproposisjonen for 2011. Det mest interessante for lokalpolitikarane er sjølvsagt kva som vert sluttsummen neste år. Men om din kommune kjem dårleg ut, finn i alle fall ut kva som er årsaka før du slaktar endringane.

Det er godt over eit tiår sidan kostnadsnøklane vart endra så mykje som i år. Desse nøklane avgjer kor stort rammetilskot kvar kommune får. Oppdaterte kriterium er bra. Eigentleg har fordelinga av rammetilskotet mellom kommunane vore feil i mange år – av di kostnadsnøklane har vore for gamle.

Kostnadsnøklane skulle vore fornya for lenge sidan. Difor er det rett tenkt av Kommunaldepartementet å revidere inntektssystemet om lag kvart fjerde år i framtida. Det bør vere uproblematisk uansett kven som sit i regjering.

Ein slik gjennomgang kan sikre at den faglege delen av systemet er godt oppdatert. Mange av rapporteringane frå kommunen til staten er ganske nye, og vi får jamt og trutt betre informasjon om pengebruk og kva som driv kostnadane. Det er bra å ta denne auka kunnskapen inn i systemet så ofte som praktisk mogleg.

 

Når departementet endrar nøklane, må nokre tape og andre vinne. Som vi skreiv sist veke er Ibestad den store taparen på sikt. Kommunen er den einaste i landet der fleire enn ein av fire er over pensjonistalder. Sidan gamle innbyggarar no tel mindre enn før, tapar kommunen store pengar på omlegginga.

Men det tyder ikkje at endringa er feil. Ein stor del av utgiftene til pleie og omsorg kjem ikkje av at gamle folk må på sjukeheim, men er knytt til brukarar under 67 år. Då kan heller ikkje berre delen gamle i kommunen vere faktor når ein skal rekne på forventa kostnad for pleie og omsorg i Ibestad og dei 429 andre kommunane.

 

Endringar har ein politisk kostnad. Taparane vil alltid ha eit sterkt ønskje om kompensasjon. Difor finst det ei ganske ny ordning i inntektssystemet som gjer at kraftige endringar tar mange år å innføre, medan små endringar kan gjerast med ein gong.

I staden for å nytte denne inntektsgarantien når han verkeleg ville kome til nytte, innfører Navarsete eit heilt nytt tapartilskot på 400 millionar kroner til dei kommunane som kjem ut dårleg no. Tilskotet verkar vilkårleg. Det ville vore langt betre å gjere inntektsgarantien enno sterkare, om ein meinte endringane slår for raskt ut.

 

Det vil alltid vere ei politisk side ved inntektssystemet, i tillegg til dei faglege kostnadsnøklane. Utfordringa er ikkje å blande politikken og faget for mykje. Kommunane kan leve med eit storbytilskot av di vi kan vere samde om at storbyane antakeleg har ekstra utfordringar det er vanskeleg å fange opp i kostnadsnøklane, eller eit Nord-Norge-tilskot fordi politikarane vil ha betre offentlege tenester der enn elles i landet. Politisk strid om kor mange skattekroner kommunane skal få, er og lett å skjøne. Verre er det med veksttilskot der grensa for kven som skal få pengar verkar satt på slump, eller tapartilskot som gjer dei gode endringane i inntektssystemet litt vanskelegare å forstå. For kven er eigentleg vinnarar, når taparane på omlegginga i år er blant dei som får mest i 2011?

Powered by Labrador CMS