Debatt
Motorisert barmarkskøyring i utmark
Behovet for kommunale planar for motorisert ferdsel i utmark blir stadig større.
Dei traseane som primært er opparbeidde for turskiløyper og turstigar på barmark, er ikkje berekna for motorkøyretøy, anna enn motorisert preparering av skiløyper og nødvendig næringstransport og annan køyring etter nærare løyve.
Ikkje opparbeidde, vanlege turstigar i utmark, enten dei er merka eller ikkje, og sjølvsagt alt areal mellom desse, er å betrakte som rein utmark. I følgje lova om motorferdsel i utmark, er all motorisert køyring forbode her, utan etter nærare løyve.
På stadig nye stader rundt om i utmarka blir det fleire og fleire stygge spor å sjå i terrenget og langs stigar og løyper etter ulike typer meir og mindre terrenggåande motoriserte køyretøy, alt frå såkalla ATV-ar til MC-ar og mopedar.
Denne utviklinga må stoppast før det tar heilt av, og før det blir meir og meir legitimt og oppfatta som «lovleg» etter som tida og tilfella dukkar opp og ingen ting blir gjort frå dei som har ansvaret for å handheva lova.
Samtidig burde ein forvente sjølvjustis i respekt for lova blant dei som nyttar seg av desse køyretøya, i rein rekreasjons- og fritidssamanheng eller i gråsona mellom dette og nytte- og næringsoppdrag.
Det er negativt både for miljø, friluftsliv og opplevingsturisme at denne trafikken går føre seg på stadig nye stader, serleg i miljømessig sårbare område og i område som blir nytta til vanleg turgåing og andre friluftsaktivitetar.
Negative reaksjonar frå turistar og fastbuande har da heller ikkje latt vente på seg.
Samtidig er det lett å forstå at motoriserte aktivitetar i terrenget er både moro, utfordrande og spennande, serleg for dei unge. Men å drive med dette i påskot av at det er lite å finne på og for få ungdomstilbod, og at dette er friluftsliv, blir for lettvint. Dette er rein motorsport, som ikkje høyrer heime kor som helst i natur- og friluftsområde, men derimot på faste lokalitetar som ikkje er konfliktfyllte og som høver til føremålet.
For at utøvarane av denne motorsporten ikkje skal bli freista til stadige lovbrot og for å imøtekome eit tydeleg «behov» for å kunne drive med denne aktiviteten, bør dei aktuelle kommunane, i samråd med aktuelle interessegrupper, sjå på moglegheitane for å finne fram til løysingar på dette. Løysinga kan vera å avsetje nokre eigna trasear og område øyremerka til terrengmessig motorsport, som ikkje er i konflikt med andre arealbruksføremål.
Det bør utarbeidast planar for dette, eventuelt som tematiske delplanar til kommunane sine arealplanar, gjerne kombinert med tilsvarande berekna på vinterstid, og harmonisert opp mot tradisjonell stig- og løypeplanar og andre arealbruksinteresser og behov.
Både i Kviteseid og i mange andre kommunar vil dette vera aktuelt.