Debatt
Milliardsymbolet
Ein milliard kroner meir til kommunane høyrest fint ut. Så lenge pengane berre kjem ein gong, er dei ikkje meir enn eit symbol.
Kommunal Rapport fortalde sist veke at rådmennene framleis legg opp til enorme investeringar dei fire neste åra, samstundes som drifta må reduserast.
Same veka var kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) ute og ga klår melding: Kommunar må sjølv ta ansvaret om dei må kutte i budsjetta. Kan hende har dei drive over evne.
Nokre dagar seinare fann regjeringa plutseleg ein milliard kroner ekstra til kommunane i år. Pengane får kommunane til og med lov å nytte neste år. Kor heldige dei er.
Ut frå dei politiske signala som kjem, er dette pengar som berre kjem ein gong. Då må rådet vere enkelt: Nytt pengane til å betale ned gjeld. Ikkje bruk dei til å tilsetje nye folk, eller til å utsette kutt i drifta. For dette er ikkje pengar du kan nytte til noko som varer.
Per Hovda var den første som fekk rista ein milliard ut av politikarane under “Eldreopprøret” i 1990. Sidan har summen vore synonymt med satsing. Når ein politikar vil syne alvor, legg han eller ho ein milliard på bordet.
Men om kommunane nytter milliarden til å betale ned meir på gjelda si no før nyttår, sparar dei i løpet av eitt år 40–50 millionar kroner i renter. I teorien sparar ein óg 20–30 millionar kroner til avdrag dei neste 30–50 åra. Om milliarden altså vert nytta til å betale gjeld no, tyder det i praksis at kommunane samla får mellom 60 og 80 millionar kroner meir å nytte til drift i 2011.
Nå kan ein få mykje for 60 millionar kroner, men om vi deler det på heile Kommune-Norge, er det vel ikkje store greiene. Det vert om lag 12 kroner per innbyggjar. Grovt rekna er det pengar til 120 stillingar innan pleie og omsorg, eller drift av litt over 70 sjukeheimsplassar. Flott, men det står vel ikkje i stil med sjølvskrytet som følgjer med pengane?
Regjeringa har i mange år skrytt høgt av kor mykje meir pengar dei gir til kommunane, og kor mykje meir velferd dei ventar å få ut av midlane. Målet er 2.000 nye omsorgsplassar neste år. Her kjem det óg betre tilskotsordningar som kan hjelpe.
Regjeringa snakka i budsjettet høgt om korleis kommunane framleis kunne byggje ut velferdstilbodet. Landet rundt har vi fått døme på at så ikkje er tilfelle. Det kan synest som om regjeringa no har handla i affekt, særleg med basis i oppslaga i TV 2 om ventelister til sjukeheimar, og tenkt at “vi gjev ein milliard ekstra, så stoppar vi kritikken”. Jamvel kjem ikkje reknestykket for 2011 til å gå opp i mange kommunar. Eit symbol rokkar ikkje ved det.