Debatt

Meir praktisk kunnskap – ein skule for livet!
Det er grunn til å tru at dersom fleire elevar finn ungdomsskulen meir givande og utbytterik, vil fleire fullføre vidaregåande skule.
Dersom kommunane hadde eigd vidaregåande skule, ville fråfall vore eit hovudtema til ordførar, rådmann og oppvekstsjef.
Berre 60 prosent av elevane fullfører vidaregåande skule på normert tid. Dette er eit nasjonalt traume. Det er ei formidabel utfordring å legge til rette for mangfald, meistring og motivasjon for heile elevårgangen, kvart år. Samtidig er det nettopp dette som gjer skulen spanande og utfordrande.
Utdanningsdirektoratet gjennomfører i perioden 2013–2017 ei storstila satsing med namnet «Ungdomstrinn i utvikling». Målet er å finne fram til meir varierte, spanande og motiverande former for undervisning, slik at fleire elevar i ungdomsskulen opplever læringsglede og meistring.
Det er grunn til å tru at dersom fleire elevar finn ungdomsskulen meir givande og utbytterik, vil fleire fullføre vidaregåande skule. Pedagogisk entreprenørskap er ei særs godt egna metode til å nå måla for ungdomstrinnsatsinga.
Det er eit paradoks at problemet med fråfall hovudsakleg vert problematisert av fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane. Saka er i røynda at fråfall må sjåast i lys av opplæringa i grunnskulen. Problemet må i større grad adresserast, som ei «sjølvmelding», til kommunane som grunnskuleeigarar. Dersom kommunane hadde eigd vidaregåande skule, ville fråfall vore eit hovudtema til ordførar, rådmann og oppvekstsjef. Slik er det ikkje i dag, av di det er nokon andre som «eig» problemet.
I folkehøgskulen treffer vi igjen ungdom som vil ha varierte, spanande og motiverande undervisningsformer. Dei vil gå i djupna på eit fag, men ikkje gå opp til eksamen. Dei vil øve, utan å ta prøve.
Musikkelevane våre vil ha praktisk undervisning og gatekonsert på Vossajazz. Etter å ha målt krefter med Raundalselva, får elevane på ekstremsportlina ei fossande forståing for varig vern av vassdraget. Elevane på film og foto lagar seg nye framtidsbilde.
Folkehøgskulane er eit skuleslag for resten av livet. Dei 80 skulane har over 300 ulike linjer, slik at ungdom kan velje fordjuping, forståing og utfordring på ei rekke fagområde. Kanskje det beste skotsmålet til folkehøgskulane er nettopp at ungdommane finn att gløden og læringsgleda, at dei er teoretisk og praktisk førebudd til vidare utdanning.
I skuleåret 2016–2017 har folkehøgskulane i Noreg 107 prosent dekning, og tilbodet er større etterspurt. Vi kan sjå det som eit teikn på at ungdom vil ha ei opplæring som er praktisk og livsnærverande. Satsinga på meir varierte og motiverande undervisningsformer i ungdomsskulen må halde fram etter 2017. Det er her «slaget» står.