Debatt
Maktar ikkje referere Ulvik-saka korrekt
Underteikna har i tre utgåver av Kommunal Rapport lese journalist Marte Danbolt, professor Jakhelln og sist redaktør Olav Njaastad sine skildringar, karakteristikkar og dom i det dei kallar Ulvik-saka. Omgrep som inntrykk av kameraderi, triksing og fiksing og revestreker - er å lesa i skildringane.
Me tykkjer for det fyrste at det er beklageleg og urovekkjande at dei nevnte ikkje maktar å referere saka på ein korrekt måte. Involverte får feil rollar og med det vert dei tillagt ansvar dei ikkje har hatt. Vidare er det tydeleg at offentleg informasjon som ikkje underbyggjer korrupsjonsteorien vert uteleten. Redaktør Njaastad si oppsummering i leiaren i førre veke er eit spark til alle politikarar i Ulvik, på alle nivå. Eit spark grunna på ufullstendig kunnskap om saka. Slike drøftingar og konklusjonar høyrer ikkje heime i Kommunal Rapport.
Saka, og no Kommunal Rapport sine reportasjar, har råka heradet vårt hardt. Me beklagar på det sterkaste at Kommunal Rapport gjennom synsing gir Ulvik herad og einskildpersonar den omtale som no har skjedd. Kommunal Rapport let seg i denne saka bruka av våre politiske motstandarar i eit lokalpolitisk spel utan reglar. Om det er eit ynskje om å avsløre korrupsjon i Kommune-Norge, ber me om at dei som skal skrive set seg inn i heile saka.
Me kjenner sterk trong for å forsvara oss mot dei karakteristikkar og utsegner me no har opplevd på trykk. Dette vert umogeleggjort ved at krefter som ikkje har hatt respekt for Ulvik heradsstyre sitt ynskje om å avslutte saka, på det dei kallar prinsipielt grunnlag, har helde fram med å angripe sakshandsaminga, og no har fått hjelp av Kommunal Rapport. Vårt forsvar ville verta partsinnlegg i ei sak me i felles respekt med det øvrige politiske miljøet i Ulvik hadde lagt bort. Grensa for kva me kan tåle av useriøse utspel er no nådd. Me sit i posisjonar som gjer at me lyt tåle usemje, motstand og kontroll. Det er demokratiske reglar for dette, reglar me kjenner og sjølve har respekt for.
Avslutningsvis vil me gi alle andre kommunepolitikarar eit godt råd. Skulle De kome i ein situasjon der De er i tvil om gildskap, om personalbehandling eller anna:
Ta ikkje kontakt med kommuneadvokaten Dykkar, hopp over rådmenn og kommunale kontrollorgan, gløym Fylkesmannen og hans institusjonar - snakk heller med redaktør Njaastad og professor Jakhelln. Dette vil spare Dykk for mange utgifter og år med sakshandsaming.