Debatt
Lov og rett for de svakeste
Etter lova har dei rett til å bli høyrt, men i den verkelege verda opplever barnevernsbarn i kommunane det annleis.
Førsteamanuensis dr. juris Mons Oppedal har skrive doktorgradsavhandling om akutthjemlane i barnevernslova. I dag seier han til Kommunal Rapport at barn og unge må få rådføre seg med advokat med ein gong barnevernet brått har gripe inn og plassert ungen ein annan stad, for å verne barnet mot omsorgssvikt eller overgrep. Oppedal fryktar at auke i slike saker trugar rettane til barn og unge.
Det er grunn til å sjå kritisk på eit barnevern der mange ungdommar må vente lenge på å få vite kva som skal bli neste steg i livet deira. Eit system der dei unge opplever at dei ikkje får styre mykje sjølv.
Barnevern er ein arena der dei som kjenner konsekvensane på kroppen, på mange vis er dei største ekspertane. Temabilaget til denne avisa er med god grunn via barnevern. Seniorforskar og gjestekommentator Mona Sandbæk skriv at barnevernstenesta må følgje opp, slik at barn sin rett til å uttale seg og til å delta er i samsvar med lova. Det er lett å seie seg enig.
Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt uttalar at alle barn som er i kontakt med barnevernstenesta i kommunane, skal snakkast med om den situasjonen dei lever i. Denne samtalen skal ha innverknad på saken.
Ja, sjølvsagt.
17 år gamle Rosita Dagsvold, som reportasjeteamet vårt intervjua på barnevernsinstitusjonen Gimsøy gård i Lofoten, seier det slik: «Eg har rett til å vite kva som skjer rundt meg. Det er meg det handlar om.»
Ho har rett. Det er på høg tid at kvar kommune gjev dagens barnevernsbarn grunn til å kjenne at dei er med og styrar framtida si.
Det inneber at politikarane må våge å satse på dette feltet.
bsh