Debatt

Lirum larum lei i skuledebatten

Allslags folk uttalar seg om skulen for tida, anten dei veit kva dei talar om eller ei. Det er då gledeleg at interessa er så stor for utdannings- og opplæringsspørsmål. Lite er viktigare for utviklinga lokalt, regionalt og nasjonalt.

Just av same grunn er det forstemmande at hovudbodskapen i mangt som blir sagt, er lengten attende til ei mindre komplisert skuletid, med enklare faginnhald, enklare sosiale tilhøve, billegare krav til arbeidsmiljø, og ikkje minst, eit enkelt hierarki der ein vil beordre fram gode resultat. Disiplin skal ein ha, medan lærarane ikkje skal ha rett til å bruke sanksjonar. Kunnskapsministeren Solhjell vil styrkje rektor-rolla. Slikt vitnar helst om magisk tenking. Kvalitet oppstår ikkje ved manande ord eller sterk vilje hjå leiarane, men praktisk arbeid over tid. Politisk prat om skulen ter seg diverre altfor ofte som lirum larum lei.

Skaper debatten fleire problem enn han løyser - eller oppløyser han dei reelle problema? Eg kjende meg sympatisk innstilt til det statsministeren sa om skulen i nyttårstalen sin, men la merke til at jamvel han måtte komme med det obligatoriske mantraet om å styrkje lærarutdanninga.

Kva tyder så dét? Norsk organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) gjorde ei grundig vurdering av norsk allmennlærarutdanning i 2006. Kritikken var sterk. Og hurra: Tilrådingane for endring var gjennomtenkte og kloke! Men styresmaktene har ikkje brukt undersøkinga til ny planlegging. Fleire lærarskular, orsak «avdelingar for allmennlærarutdanning», har i staden brukt krefter på å bortforklåre resultatet. Rapporten har slett ikkje påverka offentlege ordskifte.

Allmennlærarutdanninga utgjer likevel berre ein del av systemet for norsk lærarutdanning. Lærarane for høgre steg i ungdomsskulen og for vidaregåande skule kjem frå fagstudium på høgskular og universitet, med eitt års praktisk-pedagogisk utdanning ut over oppnådd grad.

Medan lektorutdanninga har falle ut or politisk fokus, vert dei fagmiljøa som driv slik utdanning på universitetsnivå, effektivt utarma og det ser mest ut til at ein ynskjer lektoren død. Innafor matematikk, naturfag og språkfag vert det snart stor avgang av lærarar. Men ser vi nokon stad, i alt det offisiøse preiket om skulen, konturane av ein plan for å rekruttere dei store mengdene studentar som skal bli fagleg kompetente undervisarar på ungdomsskule- og vidaregåandenivå? Nei.

I staden masar ein altså om å styrke lærarutdanninga, utan å skilje mellom nivåa, utan å granske behova. Skulle vi helst avskaffa allmennlæraren og satsa på større fagkunne?

Vel, det stikk motsette skjer. Allmennlæraren er jo billeg i bruk… i småskulen og på små skular. Så no vil ein innføre femårig allmennlærarutdanning. Diverre er det i dag studentar med dårlege resultat frå vidaregåande som tek slik utdanning, og dei lærer ofte at dei ikkje bør leggje for høge faglege standardar. Difor sender høgskulane ut mengder av lærarar som skal undervise i engelsk, men som ikkje har eitt einaste studiepoeng bak seg i engelsk frå høgre utdanning. Dette er gjerne dei same lærarane som berre med nauda fekk ståkarakter i matematikk.

Universiteta har innført noko som enno ikkje fungerer svært godt, nemleg femårige lektorprogram. Der trugar pedagogikken med å fortrengje fagkunnskapane. Men stoda innbyr til å spekulere over om vi ikkje no bør vi få lagt ned allmennlærarutdanninga. Eller, ho må i alle høve takast ifrå pedagogane, som ikkje så langt har prova at dei er interesserte i fagleg utvikling. Lærarstudentane bør heller integrerast i dei nye, universitære lektorprogramma, dei vil då truleg også lære meir pedagogikk enn dei gjer i dag. Og universiteta må då sørge for at desse programma får godt nok fagleg innhald. Nett no ser ikkje lektorprogramma ut til å kunne utdanne lektorar, for dei får ikkje med seg nok fagemne til at det er godkjennbart i skulen.

Ein vond sirkel er installert. Forelda pedagogisk teori florerer og insisterer på jamt og samt å komme attende til tidlegare kunnskap før ein går vidare. Resultat: opphakka, repetitivt keisam undervisning utan klår samanheng. Forlaga bidreg tilforvirringa med sin særeigne skule-, lærings- og språkpolitikk, ofte på tvers av læreplanane. Dei ser det lønnar seg å vere konservative; det er lettast å selje bøker når kjøparane, skuleleiarar og lærarar, kjenner seg igjen.

90-talsreformene, med vekt på prosjektarbeid mellom anna, og Kunnskapsløftet, med vekt på skriftleg og munnleg framstilling, har trass i alt gjeve eitpar gode resultat, og det er at mange elevar - og dermed studentar - uttrykkjer seg friare, betre og meir sjølvstendig både i skrift og tale enn tidlegare. Det viser at der finst mengder av lærarar kringom som tek det fagdidaktiske utviklingsarbeidet alvorleg.

Utdanningsdirektoratet, derimot, gjer dei forunderlegaste saker som stretar beint imot allminneleg rettskjensle og kunnskapsteori, som å godkjenne at dei elevane som berre brukar ordbok til ei prøve, skal vurderast på same viset som dei som nyttar retteprogram. Nei, lat dette direktoratet bli nedlagd, så får departementet heller ta beinveges ansvar, eller lage fungerande regionale samarbeidsorgan.

Powered by Labrador CMS