Debatt

Leseplikt i opplæringa tradisjon eller vitskap?

Leseplikta for lærarar i grunn- og vidaregåande opplæring varierer myke.

Med utgangspunkt i timar à 45 min er det i gjeldande tariffavtale fylgjande årsrammer:

Barneskule 988

Ungdomsskule 888 - 948

Vidaregåande oppl. 622 - 856

St.meld. nr 16 (2006-2007) Tidleg innsats for livslang læring, peikar på kor viktig det er med grunnleggjande opplæring alt før skulealder. Barne- og familiedepartementet sende i 1996 ut materiell for foreldreveiledning til alle kommunane i landet. Bufetat er no i ferd med å revidera dette materiellet og tilby det til kommunane på nytt. Det er såleis ei tung statleg satsing på å gje barn ein god start på ei livslang læring.

Det finst også vitskapleg dokumentasjon på at innsats i dei fyrste barneåra kan gje store innsparingar på seinare «repareringstiltak» (Drydon/Vos: Læringsrevolusjonen)

Lærar som underviser på 1. årstrinn, der elevane skal vidareutvikla grunnleggjande dugleik og samhandling, må undervisa i 988 timar for å få full stilling. Ein lærar på ungdomssteget som t.d. underviser i kroppsøving eller kunst og handverk, treng berre undervisa i 948 timar for å oppnå det same. Dersom ein underviser i orienteringsfag på ungdomsskulen er undervisningstida 885 timar. I høve til dette må ein lærar på trinn 1 undervisa 11,6 prosent meir for å ha full stilling. På vidaregåande skule er heil stilling i idrett 700 årstimar. På 1. trinn i grunnskulen er leseplikta 41 prosent høgare.

Innafor skuleløpet på 13 år og dei ressursar ein rår over, synes det underleg at lærarorganisasjonane og staten/KS har prioritert høgast leseplikt og minst tid til førebuing for dei lågaste trinna. Etter opplysningar i st.meld. 16* (2006-2007) kan språkstimulering før skulealder gje ein avkastning på 40-350 prosent. Det er grunn til å tru at høg innsats dei fyrste skuleåra også vil gje høg avkastning.

Med grunnlag i forsking om kvar ein får mest igjen for kvalitativ og ressursmessig innsats i ei livslang læring, bør det vera grunn for partane å gjera ei omprioritering av leseplikt i det 13-årige opplæringstilbodet.

*For hver krone fellesskapet bruker på slike tiltak, får samfunnet mellom 1,4 og 4,5 kroner tilbake, noe som gir en avkastning på mellom 40 og 350 prosent

Skrevet av: Einar Fanebust

Powered by Labrador CMS