Debatt
Lektoren til heider og vørdnad atter?
Ein strategi for vidareutdanning av lærarar er nyleg lansert. Endeleg viser kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell vilje til eit noko fastare statleg grep over utdanningspolitikken. Med litt flaks kan dette bli eit historisk vendepunkt i soga om lektoren, som kan bli meir etterspurd enn nokon gong.
Strategien er utarbeidd i samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, KS, lærarorganisasjonane og Universitets- og høgskulerådet, så her skulle det vere nok kompetanse med i planlegginga.
Og det var på høg tid. I alle høve sidan statsrådstida til Gudmund Hernes, har alle interesserte visst at vi no på desse tider, litt før 2010, ville få svære behov for å erstatte adjunktar og lektorar i den vidaregåande skulen og dei høgste stega i ungdomsskulen. Dei som i si tid vart tilsette under sluttfasane i den omfattande utbygginga av utdanningssystemet i overgangen mellom 60- og 70-åra, går no av.
Dessutan har kompetansebehova endra seg noko, ut frå samfunnsendringar og læreplanendringar. I alle desse åra har dei ansvarlege late vere å gjere noko som helst for å planleggje inn erstatningane. Vi står dei fleste stader i landet innfor ei alvorleg krise, særleg i vidaregåande utdanning, der mangfaldige tusen lærarar går av.
Ein kan ikkje berre skulde på politikarar og byråkratar for at ingenting har hendt med å planleggje fram ny kompetanseutvikling og nyrekruttering i skulen. Universiteta og høgskulane har jamt over vore inderleg sjølvopptekne desse siste par tiåra. Dei har heva seg høgt over eitt av dei viktigaste samfunnsoppdraga sine, nemleg å utdanne kompetente undervisarar til dei høgre stega i grunnutdanninga, som no eigentleg skal sjåast i samanheng over 13 år. I svært liten grad har ein prøvd å lage nokon dialog med fylkeskommunar og kommunar om dei opplæringsbehova det offentlege har. Til dels har universiteta vore meir oppteken av næringslivet sine behov, og det meste av ordskiftet internt har handla om korleis eller om ein bør tilpasse seg eksterne private partnarar.
Før i det aller siste. Universiteta er i ferd med å innsjå at ein ikkje berre kan oppføre seg som om studentane var kundar som kjem og vel det som passar dei, og har gradvis starta med å tenkje på korleis dei skal prege ein «marknad» av studiesøkande. Alle universitet har no opplegg for utdanning av lektorar (somtid òg adjunktar). Det vil seie at ganske mange fagfolk og administratorar på alle universitet har vore nøydde til å tenkje gjennom koss den skulen ser ut, som dei skal hjelpe folk til å gjennomføre eit kvalifiseringsløp for. Dette er eit viktig nyhende i norsk utdanningssoge. Det som særleg manglar nett no, er at universiteta samordnar tilboda sine.
Universitetet i Stavanger er no i ferd med å sluttføre forhandlingar med Rogaland fylkeskommune, ved utdanningsdirektør Magne Nesvik, om opplegget for lektorutdanningane ved UiS. Fylket har tenkt å gå ganske langt i å lage stipend eller andre avtalar for dei som ynskjer å ta ein mastergrad. Dette kunne andre dra lærdom av.
Fylket har også sagt klårt frå om at det som trengst no, er ikkje fleire allmenn- eller spesialpedagogar, men fleire fagfolk. Dette er eit døme på at det er mogleg for eit fylke å lage fornuftige samarbeidsavtalar med universitet og høgskular.
Eit uromoment i påvente av den nye stortingsmeldinga om lærarutdanninga, er om regjeringa skjønar skilnaden mellom allmennlærarar og lærarar for vidaregåande. Mange fråsegner frå statsrådane og andre synest å føresetje at det skal finnast ei allmenn form for «lærarutdanning», der vi kan erstatte lektorbehovet med å klaske på litt meir utdanning for allmennlærarane.
Men barneskulelærarar kan ikkje bli vidaregåandelærarar med eit par års tilleggsutdanning. Dei reglane som gjeld i dag, er fornuftige og skil mellom kompetanseområde. Allmennlærarar er ikkje utdanna for å oppfylle ein studieførebuande funksjon for folk som er i ferd med å bli vaksne, men for å ta seg av heilt andre behov.
Dersom departementet no i rein panikk over lærarmangelen i vidaregåande - og til dels i ungdomssteget i grunnskulen - gjer framlegg om å late allmennlærarane, som det ikkje er særleg stor mangel på enno, breie segut over vidaregåande med hjelp av tilfellelege tillegg i utdanninga, vil det skape ikkje berre kompetansekonfliktar i det uendelege. Det vil og føre med seg at det studieførebuande nivået vil lide overlast i åresvis, noko som vil nedgradere alt som hender på universitets- og høgskulenivå.
No er tida inne til å tenkje igjennom fylgjande: a) Kva tener universiteta eigenleg til for å skape god nok kompetanse i dette landet, og b) kva tid skal departementet og universiteta prøve å analysere kva for behov kommunane og fylkeskommunane har for kompetanse?
KS har alt peika på nokre av desse behova i sine interessante merknader til Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008), Kvalitet i skolen. Her har KS m.a. bede om nærare samarbeid mellom universiteta og høgskulane og praksisfeltet, dvs. kommunane og skulane.
Det hadde blitt ei alvorleg omvelting om universiteta våre hadde teke ei slik oppmoding alvorleg. Vil dei? Kommunane og fylkeskommunane kan jo spørje.