Debatt
Legg ned Bufetat?
I eit tidlegare nr. av Kommunal Rapport, foreslår Trine Skei Grande å leggja ned Bufetat. Dette er ein interessant tanke, dersom det også medfører ei auka satsing på dei lokale tenestene.
Etter mi meining har det statlege organet Bufetat føydd seg inn i rekkja av flytting av kompetanse og handlingsrom frå kommunane til staten, med konsekvens som auka byråkratisering og inga styrking av det mest barnenære barnevernet, – som er det som finst i kommunane. Då Bufetat vart oppretta i 2004, erstatta det oppgåvene som fylkeskommunen tidlegare hadde. Eg er i tvil om denne barnevernsreforma har vore vellukka. Eg opplever at den har forsterka ein statleg definisjonskompetanse, som desavuerer det kommunale barnevernet på ein unaturleg måte i høve til kommunal tillit innan andre sektorar. Kvifor?
• Ei grei innleiing til meininga mi er å samanlikna med det somatiske helsesystemet vårt: Der er fastlegane i kommunane navet, som me går til for konsultasjon, og vert anten behandla lokalt, eller tilvist spesialisthandsaming. Kommunane har strakshjelp og breiddekompetanse og har «bestillarfunksjonen» som sjukehusa yter tilbod etter. Det er i kommunane me bur, og fastlegen inklusive det lokale helsetilbodet kjenner «heile» oss, også familie- og buforholda våre. Spesialisthelsetenesta diagnostiserer og handsamar sjukdomane våre. Det kan trygt seiast at Noreg har eit godt helsestell innan det somatiske området. Eg opplever ikkje at det vert stilt spørsmål ved kva fastlegen veit om oss, som nokon trussel mot personvern og å yta gode lokale tenester.
• Eg vil ha meir ressursar til kommunane og at me set kommunane i bestillarfunksjonen innan barnevernet også! Då må rolledelinga i barnevernet setjast under debatt og endrast. Bufetat skal etter intensjonen bistå kommunane. Sett frå «rådhuset», opplever eg at denne bistanden delvis glir over i styring av det kommunale barnevernet og kommunen. Dette kan slåast fast gjennom å sjå på tal tilsette. Medan talet på barneverntilsette i kommunane har stått nesten i ro, har talet på sakshandsamarar i Bufetat auka kraftig, og det var i følgje KS i 2009 langt fleire sakshandsamarar i Bufetat (4.150) enn i kommunane (3.294). Dette viser eit svært skeivt styrkeforhold mellom kommunane og staten.
Eg opplever at konsekvensen av dette skeive styrkeforholdet vert at Bufetat har tatt definisjonskompetansen i barnevernet, og styrer kommunen, som vert «kunden» – ikkje bestillaren. Eg opplever at dei samla ressursane i barnevernet er for knappe. Det er ein kamp om ressursane, og frå kommunen si side opplevest det tidvis som at Bufetat ikkje tek det ansvaret dei bør ha. For kommunane vert resultatet at Bufetat vert ein ustabil samarbeidspart. Dette fordi Bufetat på den eine sida kan overstyra det kommunale barnevernet både ved å tilleggja fleire diagnosar på barnet (= kostnadsauke for kommunen). På den andre sida fører mangel på budsjettmidlar i Bufetat til at dei ikkje tilbyr eller også avbryt barnevernstiltak, som Bufetat har vore med på å tilrå. Dermed sit kommunen att med utfordringa med å finna løysingar for barnet inklusive kostnaden. NB: Eg har ingenting å utsetja på den daglege dialogen mellom kommunane og Bufetat, – den ser eg på som god. Dette dreiar seg om dei systemmessige verknadene slik barnevernet totalt er blitt.
Eg håpar statsråd Lysbakken vil styrkja det kommunale barnevernet, og å få utgreidd om det er best å leggja ned Bufetat, kombinert med å overføra funksjonane der til kommunane, helseforetaka og barne- ungdoms- og familiedirektoratet. Helseforetaka har god kompetanse innan åtferd, samlivsproblematikk, rus m.m. som dessverre ofte kjenneteiknar barn og familiar som kjem i kontakt medbarnevernet. Helseforetaka har også samarbeidsavtalar med kommunane, som eg trur gjev rom for god rolleavklaring.
Gjennom dette håpar eg å få ei sterk satsing på det kommunale barnevernet, og gjera dette meir profesjonalisert - også i mindre kommunar. Det er ikkje sikkert at ei nedre folketalsgrense er nødvendig, det vert ein logisk brist, - jamfør kva fastlegen veit om oss alle. Det er fagmiljøet, fag- og yrkesutøvinga, kombinert med god leiing som tel mest, - og eg ser for meg ei dobling i tal tilsette i det kommunale barnevernet! Ved å styrkja den lokale tenesta, kan ein også stilla større krav til den. Då kan me kanskje også verta flinkare til å arbeida meir førebyggjande,- ja kanskje me treng litt samhandlingstankegang her også?