Debatt
Låg valdeltaking har mange årsaker
Låg valoppslutning har si årsak i eit sett av fleire uheldige og negative omstende:
1) Engasjementstørke generelt, og i forhold til politikk og samfunnsspørsmål spesielt, på grunn av overflods- og velstandstilstanden blant folk flest, som derfor finn ut at det er lite å «kjempe» for.
2) Dei politiske løfta i partiprogram og valkamp blir i for liten grad innfridde i dagane og åra etter valet.
3) I mange kommunar er svært ulike parti så hjartens einige i mange viktige spørsmål og saker at potensielle velgjarar er usikre på partival, fordi dei ideologiske og politiske skiljelinene mellom partia synest å vera gløymde. Altfor mange folkevalde må av den grunn li under partipisken, sluke kamelar og røyste på tvers av eige politisk syn. Uvissa om val av parti går stundom på grunn av desse forholda i favør av heimesitjarpartiet.
4) Dei fleste velgjarar har sitt parti dei røystar på og stort sett er einige med i det meste. Men når valet er over og samarbeidskabalane skal leggjast, ser ein at mange parti nærast går over lik for å få størst mogleg del i ein politisk maktposisjon.
Med andre ord finn stundom høgst ulike parti kvarandre etter valet for å få makt og for å skvise ut andre parti, som dei faktisk står nærare politisk og ideologisk. Dette frustrerar mange partitrufaste velgjarar, som i verste fall kjenner dette som eit svik, og at røysta dei gjev er bortkasta eller fører til ein politikk som dei eigentleg ikkje ga sin tilslutning til.
5) Mange er også sofavelgjarar fordi det partiet dei tilhøyrer ikkje stiller liste i enkelte kommunar. At partiet stiller liste til fylkestingvalet, er ofte ikkje nok for å få desse velgjarane til vallokalet.
Det kan sikkert også finnast andre årsaker til låg valdeltaking, noko eg utfordrar andre til å kome med sine eventuelle forklaringar på.
Men det viktigaste er likevel å arbeide aktivt med det forbetringspotensiale som utvilsamt er der. Det får bli ei sak i neste omgang.