Debatt
Kven vil ha Høgres gulrøtter?
Stortingsrepresentant Trond Helleland (H) tek feil når han gjentek at regjeringa legg lokk på debatten om kommunestruktur og sveltefôrar kommunane.
Dette er påstandar Høgres kommunalpolitiske talsmann har sett fram fleire stader den siste tida, sist veke i Kommunal Rapport under overskrifta «Et moderne Kommune-Norge».
Kva ligg i Høgres modernisering og det Helleland kallar levande lokalsamfunn over hele landet?
Jo, blant anna kutt i fylkeskommunane si satsing på utvikling av arbeidsplassar saman med kommunane og ei omlegging av selskapsskatten som vil favorisere dei allereie skattesterke kommunane.
I motsetnad til då Høgre styrte Kommunal- og regionaldepartementet fram til 2005, har denne regjeringa satsa på kommunane. Realveksten i dei siste fem åra har vore formidabel, om lag 42 milliardar kroner, eller 15 prosent. Veksten har gjeve 70.000 nye tilsette i kommunesektoren. Og delen pengar som går til administrasjon, er lågare enn tidlegare.
Det jo nettopp denne satsinga som nyleg fekk Høgres nestleiar, Jan Tore Sanner, til å hevde i VG: «Man må stille krav til økt effektivitet, ikke bare øse ut penger.»
Er ikkje Høgre-politikarane samsnakka når Helleland framstiller det som eit problem at kommunane må effektivisere drifta, for eksempel ved å få ned sjukefråværet og redusere energiforbruket?
Så framstiller Helleland det som eit problem at regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2011 har nærma seg handlingsregelen. Eg vonar Høgre framleis meiner at det å sikre orden i økonomien og sikre arbeidsplassar også er viktig for kommunane.
Innanfor desse rammene er det rom for auka aktivitet i kommunane. Fleire småbarn og fleire eldre gjer det naudsynt med satsing på desse felta.
Helleland skryt av at partiet vil bruke meir pengar – opp mot 250 millionar kroner ifylgje Høgres alternative statsbudsjett – på frivillige samanslåingar. Dåverande kommunal- og regionalminister Erna Solberg freista i perioden 2001–2005 med økonomiske gulrøter for å få fart på slike prosessar. Det lokka ikkje mange kommunar.
Høgre skriv i sitt alternative budsjett at partiet vil gjennomføre ein omfattande oppgåve- og kommunereform for å skape betre tenester og større og meir robuste kommunar.
Partiet kan jo starte med å oppfordre eigne ordførarar, for eksempel i kommunane rundt Oslo, til å slå saman kommunane sine.
Regjeringa skal ikkje stoppe dei. Viss kommunane sjølve meiner at samanslåingar gjer betre velferd, lokaldemokrati og nærings- og samfunnsutvikling, er me positive.
Eg er glad for at Helleland set dei kommunale utfordringane på dagsordenen. Kommunane treng større handlingsrom og meir fridom for lokale prioriteringar. Men eg trur ikkje Høgre med si nemning eit moderne Kommune-Noreg meiner alle kommunar.