Debatt
Kven er Robek-kommunane?
Per 29.04.09 stod 42 kommunar i Robek.
Når det gjeld låg effektivitet har fragmentert politisk styring og i mindre grad sosialistisk fleirtal vore trekt fram som del av forklaringa. Dette kunne vore interessant å sjå på i høve Robek og, men eg er endå meir interessert i eventuelle andre trekk ved Robek-kommunane.
Ein tanke er at det i små kommunar er ein nærleik som t.d. gjer strukturelle grep for å skape balanse i kommuneøkonomien vanskeleg. Robek-kommunane hadde i gjennomsnitt per 31.12.08 eit innbyggartal på 6.480. Ca 20 av kommunane hadde mindre 4.473 innbyggarar og ca 20 meir. Om lag same innbyggartalet deler også kommunane i landet i like mange mindre og større, men gjennomsnittet er på 11.000 innbyggarar. Det er svært mange andre kommunar som utifrå lågt folketal kunne hamne i registeret. Eg synest ikkje akkurat desse tala er god støtte for den tanken som er nemnt.
Det er arbeidd ut ein distriktsindeks. Dess lågare indeks, dess «meir distrikt». Indeksen samla for landet er 57 ifølgje kommuneproposisjonen for 2009, side 172. For Robek-kommunane er han 47. Robek-kommunane er såleis vesentleg «meir distrikt» enn gjennomsnittet av kommunar. Ein tanke kunne vere at dei har vanskeleg for å rekruttere kvalifisert administrativt personale, og at dette slår så pass negativt ut for nokre kommunar. Eg er endå meir interessert i andre problemstillingar.
Ein samla indeks i utgiftsutjamninga i inntektssystemet er 1,09 for Robek-kommunane. Dei er såleis samla sett ikkje svært tungvinte å drive.
Ein kan og sjå på samla indeks for Robek-kommunane kriterium for kriterium i inntektssystemet. Kva indeksar som vert høge og låge avspeglar som no venta kjende trekk ved kommunar som er «mykje distrikt».
Ein kan vidare sjå på samanhengen mellom distriktsindeks og indeksar i utgiftsutjamninga for alle kommunane i landet og for Robek-kommunane. T.d. for dei tre kriteria for eldre blir samanhengen nesten lik. Det viktigaste større avviket er at utifrå sin distriktsindeks har Robek-kommunane klart høgare indeksar enn gjennomsnittleg for Beregnet reisetid og Reiseavstand innen sone. Dette kan vere eit teikn på at kriteria for busetnad enno ikkje er gode nok. Reiseavstand innen sone er t.d. viktig for kor aktuelle endringar i skulestruktur kan vere.