Debatt

Kva skal vi med kommunane?

Eit typisk trekk også under denne valkampen, er at nasjonale politikarar gir store løfte om tiltak innan skule, omsorg m.m., men som kommunane skal gjennomføre. Er kommunane blitt institusjonar som staten kan kommandere utan omsyn til lokaldemokrati?

Kommunane har grovt sett tre hovudoppgåver i dag. Den eldste og etter mi meining viktigaste oppgåva, er å utvikle sitt eige samfunn som heilskap - utviklarkommunen. Vi kan kalle det samfunnsentreprenørskap eller samfunnsinnovasjon i moderne språkdrakt.

Kommunestyre, formannskap og kommunale politikarar har stått i brodden for lokalt utviklingsarbeid frå vi fekk formannskapslova i 1836. Etableringa av kooperasjonar og sparebankar som letta overgangen frå naturalhushald til pengehushald, kraftutbygging, telefonutbygging m.m. er berre nokre av dei tidlege døma på det aktive utviklingsarbeidet som norske kommunar og kommunepolitikarar dreiv før velferdskommunen kom i fokus. Fokus var å få til aktivitet, vere ein aktiv pådrivar, organisator og etablerar - ikkje nødvendig å eige eller drive slik verksemd.

Den aktive tiltakskommunen, statsutviklaren, kulturutviklaren m.m. er meir moderne døme på dette aktive samfunnsbyggande arbeidet som synes å ha kome i «gløymeboka» i mange kommunar og spesielt på statsnivå. Men utan aktivt samspel mellom eldsjeler og kommune ville det ikkje vere opera og operabygg i Nordfjord eller undersjøisk tunnel mellom Ørsta/Volda og Ulstein.

Forvaltarkommunen - utøvaren av lovverk som til dømes jordlov, planlov, bygningslov m.m. - er døme på ei anna rolle som kommunane har, men som synes å ha skifta innhald. Noreg er eit mangfaldig og svært variert land. Utfordringane er ulike i Oslo, på Jæren og i Kautokeino. Likskap for lova kan medføre at ein bør utvikle ulik praksis i ulike delar av landet, og resultat skal vere rimelege og rettferdige fordi situasjonane er så ulike.

Lik praktisering av lover og reglar utan å take omsyn til lokale tilhøve, kan derfor vere djupt urettferdig og urimeleg. Før var det i stor grad kommunepolitikarar i tett samarbeid med lokal forvaltning som hadde fridom til slik tilpassing, i dag er dei fleste slike oppgåver overført til byråkratar i kommunar eller på fylkesnivå. Vi (staten) har ikkje lenger tillit til «sunt folkevett».

Den store og ofte altslukande oppgåva til kommunane i dag, er velferdsproduksjon etter oppdrag frå staten - ryggrada i velferdssamfunnet vårt er velferdskommunen. Den interessante utviklinga etter at bølgja med ny offentleg styring slo inn over oss og med fristilling av mange offentlege oppgåver til «armlengd avstand-organisasjonar» som sjukehus, direktorat m.m. er at staten - mange politikarar og spesielt statsadministratorar - synes å oppfatte kommunane som likestilte med slike fristilte institusjonar. I Irland blir dei kalla «State sponsored bodies» - statsstøtta institusjonar - og dei driv skular, sjukehus m.m., medan lokaldemokratiet stort sett har ansvar for «asfalt på alle vegar» og andre lokal-tekniske forhold. Dette hindrar ikkje at statsrådar kan gripe inn og kaste styre og direktørar ved store overskridingar m.m. Men kan statsrådar og departement kaste kommunestyre, ordførarar og administrasjonssjefar?

Om kommunane er statsstøtta institusjonar, så er dei likevel demokratisk styrte og med oppgåve å sjå den lokale heilskapen i samfunnsutvikling og velferdsproduksjon. Grunnen til at vi i Norden, med stor suksess, har vidareutvikla samfunnsentreprenørkommunen til også å drive velferdsproduksjon, er nettopp håpet om og erfaringane med at dei kan utvikle gode og effektive løysingar ut frå lokale tilhøve.

Det er betydeleg innovasjon i kommunane knytt til samarbeid om, organisering av og effektiv bruk av samfunnet sine ressursar på tvers av sektorar. Rett nok kan ikkje alle vere like dyktige, men då må ein stimulere til gjensidig læring. Den lokale demokratiske styringa er spesielt viktig fordi ein då kan sjå samanhengen mellom offentleg verksemd og samfunnsutvikling - ein skule er meir enn ein produksjonsstad for utdanning, den er også ein sosial institusjon for samfunnet kring den.

Mange hevdar at Noreg,samanlikna med andre nordiske land, er spesielt sterkt statsstyrt og med sterkt utvikla statlege «siloar». Vi har departement, direktorat og offentlege føretak som berre fokuserer på sine oppgåver og sine felt og politisk organisering sentralt som kanskje forsterkar dette. Men samanlikna med Irland så har vi trass alt kommunane og fylkeskommunane som i beste fall kan virke som motpolar mot statleg fragmentering og sjå «galskapen» sine lokale og regionale konsekvensar.

Når ein høyrer mange sentrale politikarar sin kritikk av kommunar eller fokus på korleis viktige samfunnsoppgåver skal løysast, så får eg likevel eit strekt inntrykk av at dei ønskjer ei «irsk løysing» - at skule, barnehage, sjukeheimar m.m. burde overtakast av staten, gjerne organisert som fristilte føretak. I det minste burde ein slå saman kommunane til langt færre, slik at staten kan styre dei meir direkte.

Men om kommunane skal vere slike direktestyrte føretak, vil ikkje lokalpolitiske organ då kome i vegen? Bør ein ikkje i same farta avskaffe lokaldemokratiet eller setje det ut på sidelinja til å konsentrere seg om viktige oppgåver som asfalt på grusvegar, vatn og kloakk?

Eg vil likevel peike på at det siste kan vere eit tveegga sverd, dette kan gjenreise utviklingskommunen og utvikle ei verkeleg sterk lokalpolitisk kraft i å «få mest mogleg ut av staten» - «vegaksjonar i alle sektorar».

Powered by Labrador CMS